NRK Meny
Normal

No kan det bli bomring også i Florø

Bystyret i Florø ynskjer fortgang i bygging av vegar og gangstiar. Det kan bety at også florøværingane får bomring rundt byen sin.

Bomring Førde

BOMRING: Bomring som denne i Førde er ein av fleire alternativ dersom politikarane i Florø går inn for sokalla brukarfinansiert vegutbygging. Bystyret har i alle fall bestilt ei utgreiing om dette.

Foto: Brit Jorun Svanes / NRK

I samband med budsjett og handlingsplan for inneverande år bestilte bystyret i Florø ei utgreiing som skal sjå om det er mogleg å innføre sokalla brukarfinansiert vegutbygging i Florø sentrum. Også Firdaposten nemner dette i ein artikkel i dag.

Det betyr at folk som køyrer bil i Florø er med på å finansiere nye vegar gjennom til dømes å betale i ein bomring, eller ved at det blir lagt til ei avgift på toppen av bensinprisen.

– Vi har mange store vegprosjekt som vi manglar finansiering på, og vi har ein fylkeskommune som har anstrengt økonomi når det gjeld fylkesvegane. Skal vi få gjennomført dei prosjekta vi ønsker, og som vi ser går for seint i dag, er dette ei vurdering vi vil gjere i samband med budsjettet i haust, seier ordførar Ola Teigen til NRK Sogn og Fjordane.

Bom eller bensinavgift

Utgreiinga som skal skissere om det er mogleg å ha ei brukarfinansiering i Florø kan kome alt i år.

– Betyr dette at det kan kome ein bomring rundt byen?

– Det kan bety bomring, men det kan også bety ei bensinavgift, slik som dei har i Tromsø, seier Teigen.

Ola Teigen

VIL GREIE UT: Ordførar Ola Teigen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Kva konkret vil de finansiere om dette blir ein realitet?

– Vi har planar om gang- og sykkelvegar som vi gjerne skulle fått bygd ut. Vi har smale vegar, spesielt i Havreneset, med stor trafikk og mykje folk. Det er fleire små og store prosjekt som manglar pengar, seier Teigen.

Båtruter

Det er rådmann Terje Heggheim som skal levere utgreiinga som bystyret har bestilt. Han seier ordet bomring ikkje er nytta i nokon samanheng enno.

– Bom kan vere eit alternativ. Men eg skal ikkje seie noko om bom er meir aktuelt enn noko anna. Men vi veit at bomringar krev mykje administrasjon, seier Heggheim.

Han seier ei eventuell innkrevjing av avgift skal gå til utbygging av det kommunale vegnettet, men på spørsmål frå NRK nemner han også båtruter.

– Båtrutene i florabassenget er veldig viktig for Flora. Dersom fylkeskommunen vil spare pengar på båtruter, må vi sjå om vi klarer å halde det på dagens nivå, seier Heggheim.