NRK Meny
Normal

Denne vegen kan bli ei gullgruve

Med berre hendene vart Kongevegen over Filefjell bygd mellom aust og vest frå 1793 og utover. No, over 200 år etterpå, kan den historiske vegen bli ei gullgruve for bedriftene i området.

Kongevegen over Filefjell

MANGE VIL HIT: Bedriftene som ligg langs Kongevegen over Filefjell har i sommar opplevd at svært mange vil ta turen for å sjå og oppleve den historiske ruta mellom aust og vest.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Vi opplever verkeleg at vi har fått ein skatt, seier Lisbeth Engebretsen.

Ho er prosjektleiar i Bedriftsnettverket Kongevegen over Filefjell, ei samanslutning av 14 bedrifter som ligg i Lærdal og Vang kommunar. Dei tilbyr overnatting, mat og aktivitetar langs vegen, og i sommar har dei verkeleg opplevd at folk har fått auga opp for det nyrestaurerte kulturminnet.

– Bedriftene melder om ein auke på mellom 15 og 30 prosent. Nokon heilt opp i 40 prosent auke no i sommar på trafikken og omsetnaden, seier Engebretsen.

Blir lokka av kultur og natur

Kongevegen over Filefjell vart beordra bygd av kong Christian VIII og var den første køyrevegen mellom aust og vest i Norge. Dei siste sju åra har 40 sherpaer lagt ned over 20.000 arbeidstimar for å ruste opp tre delstrekningar av den historiske vegen. For to år sidan fekk vegen vegdirektøren sin «Vakre vegars pris», og i august var vegen offisielt opna.

Laster kart, vennligst vent...

Engebretsen registrerer at reiselivet i Norge har hatt eit godt år på landsbasis, men trur auken i trafikk hos bedriftene langs Kongevegen har mykje med sjølve vegen å gjere.

– Vi kan lokke med opplevingar langs ein heilt spesiell historisk veg, i eit av dei finaste landskapa i Norge. Du kan bevege deg frå aust til vest, eller motsett, seier ho.

Lisbeth Engebretsen i Galdane

KAN BLI GULLGRUVE: Lisbeth Engebretsen vil ikkje kalle Kongevegen ei gullgruve, ikkje heilt enno iallfall. – At det er potensial i vegen er det ikkje tvil om. No er det opp til oss å bruke vegen og forvalte den på ein måte at den kanskje blir ei gullgruve, seier ho. Her er ho fotografert i Galdane på veg over Kongevegen.

– Akkurat som vi hadde håpa

Jan Adriansen har vore prosjektleiar for Kongevegen i Statens vegvesen. Han meiner det auka besøket viser at dei 20 millionane som er brukt på restaureringa er velbrukte pengar.

– Vi har gjort dette for at vegen skal brukast, i tillegg til at vi vil ta vare på eit viktig kulturminne. Det som skjer no er akkurat det vi håpa på. Det er heilt fantastisk, seier han.

Adriansen gler seg over at bedriftene langs Kongevegen allereie har fått inn mange bestillingar til neste år, og trur årets sesong berre er starten på noko stort.

– Eg trur dette blir veldig populært, seier han.

Men det går ei grense

– Kan det på eit tidspunkt bli for mange som vil gå her?

– Det er det vi er litt redde for. Kulturminnemessig prøvar vi å ta vare på vegen gjennom bruk. Men kjem det veldig, veldig mange har vi eit slitasjeproblem, seier Adriansen og held fram:

– Vi må prøve å finne ein mellomting. Vi er veldig glade for at folk vil ut å gå, men viss alle vil ut å gå, då får vi eit problem.

Den gamle Kongevegen over Filefjell vart bygd i 1763. No er han ferdig restaurert.
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen