Hopp til innhold

Vasslekkasjar har hindra innflytting - no er museet endeleg klar til bruk

Snart er det klart for innflytting i det nye reiselivsmuseet i Balestrand. Innflyttinga har tatt lenger tid enn planlagt, blant anna på grunn av vasslekkasjar.

Faktaark_NRM_Balestrand.indd

KLART FOR INNFLYTTING: I løpet av kort tid kan Nors Reiselivsmuseum endeleg flytt inn i dei nye lokala i Balstrand.

Foto: Statsbygg

– No har vi fått til ein avtale med Statsbygg som gjer at vi kan ta bygget i bruk, seier styreleiar for musea i fylket, Harry Mowatt, som vedgår at også han no er utolmodig.

For vegen fram til eit reiselivsmuseum i Balestrand har vore lang. Heilt sidan den spede starten i 1986 har bølgjene gått fram og tilbake for eit mogleg nasjonalt reiselivsmuseum i Balestrand.

Vasslekkasjar

Målet var opning til turistsesongen 2015. Vasslekkasjar gjorde at det ikkje var mogleg, men no kan ein om ikkje anna starte arbeidet med å flytte inn i det nye bygget.

Harry Mowatt

OFFISIELL OPNING I 2016: Harry Mowatt er styreleiar for Musea i Sogn og Fjordane.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Det vil nok gå mellom to og fire månader før vi har fått rigga alt som må på plass i det nye bygget. Det som då kan vere like praktisk er at vi tar den offisielle opninga til våren neste år, når turistsesongen startar i igjen, seie Mowatt.

Viktig for reiselivet

–Det vil bety svært mykje for reiselivet i regionen at ein no snart kan få tatt i bruk reiselivsmuseet i Balestrand, seier hotelldirektør Sigurd Kvikne.

Museet er eit museum for reiselivet i heile landet, ikkje berre reiselivet i Balestrand eller Sogn og Fjordane.

Balejazz

VIKTIG FOR REISLEIVET: Hotelldirektør Sigurd Kvikne.

Foto: Lars Jonas Pedersen (lars@gang.no)

– Det er jo litt status i at det er Norsk Reiselivsmuseum som er lagt til Balestrand. Eg håpar jo at vi skal få på plass eit fagmiljø og at det også kan resultere i ein del kurs og konferansar.

– Men enno kan det gå eitt år før ein kan opne dørene for publikum?

– Det er sjølvsagt leitt at det ikkje opna i år slik ein hadde håpa. Men eg er vel av den oppfatning at det er betre å få gjort det skikkeleg, og få alt på plass, før ein opnar dørene til neste års sesong, seier Kvikne.