Hopp til innhold

Endeleg kan dei senke skuldrane og slappe av

FØRDE (NRK): Med Vebjørn Varlid sin fjerdeplass i C-puljen, er EM i vektløfting over for dei lokale løftarane. – Fantastisk moro, men rimeleg høg puls, konkluderer trenar Gunnar Reiakvam.

Gunnar Reiakvam og Vebjørn Varlid

SLAPPE AV: Både Gunnar Reiakvam (t.v.) og Vebjørn Varlid kan senke skuldrene etter EM i vektløfting. – I støyt er eg så nær å setje det ultimate målet mitt med poengpers. Det var nokre millimeter ifrå.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det var knytt stor spenning til den siste lokale, og norske, utøvaren.

Vebjørn Varlid

NØGD: Vebjørn Varlid er nøgd med 339 kilo i total vekt. – No blir det å trene i same tralten fram mot nordisk i haust. Eg håpar å legge på nokre kilo til og få ein pallplass, seier Varlid.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Med 159 kilo var Vebjørn Varlid best i rykk, men etter 180 kilo som teljande i støyt vart det til slutt 339 kilo og 4.-plass totalt i C-puljen i klassa 105+.

– Eg er kjempenøgd med rykk. Alle løft vart godkjende, fleire kilo comebackpers og eg vinn puljen. Det kunne ikkje vore betre, gliser Tambar-løftaren.

Millimeter

– I støyt er eg nokre millimeter frå å vere heilt nøgd. Hadde eg sett 190 kilo, så hadde det vore fantastisk, legg Varlid til.

Vebjørn Varlid vann C-pulja i rykk i klassa 105+ under EM i vektløfting i Førde.

RYKK: Vebjørn Varlid får opp 159 kilo i rykk. (FOTO: ODDLEIF LØSET/NRK)

Vebjørn Varlid

ETTERTRAKTA: Det var ikkje berre kjærasten Heidi Hessa Næss (nr. to frå venstre) som ville ha ein bit av Vebjørn Varlid etter konkurransen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

For fire år sidan var det nettopp 190 kilo på stanga som fråtok han både kongepokal og OL-draumen . I staden fekk han ein alvorleg skade. Fredag skjønte han raskt at han heller ikkje denne gangen fekk godkjent 190 kilo. Det ville løfta han til tredjeplass i pulja.

– Eg fell litt frampå når eg skal ta sats, og då har eg ikkje balansen eg treng på toppen. Eit lite brøkdels sekund føler eg at eg har den, men så er det for mykje rørsle i stonga. Når 190 kilo kjem feil veg, då må du gi deg, seier han.

Senkar skuldrene

– Litt bittert, då eg kunne klatra nokre plassar i samandraget og gitt publikum endå meir av det dei kom for å sjå, seier han.

Vebjørn Varlid prøvde seg på 190 kilo, men lukkast ikkje. Dermed vart det 339 kilo totalt og 4. plass i C-pulja.

GLIPP: Her merkar Vebjørn Varlid at forsøket på 190 kilo i støyt ikkje ville gå. (FOTO/REDIGERING: ODDLEIF LØSET/NRK)

Og likevel seier seg nøgd med meisterskapen han har jobba mot i fleire år. Nøgd er også trenar Gunnar Reiakvam, som har hatt ei hektisk veke. I dag hadde sin siste dag på jobb under meisterskapen.

– No kan vi senke skuldrene. Pulsen har vore rimeleg høg, men høgare hos utøvarane, seier Reiakvam.

God oppleving

Varlid fekk god støtte

STØTTE: Varlid fekk god støtte frå publikum. – Klokka er ni, og det er skuleklassar, familie, vener og folk som har reist langt, og teke fri frå jobben. Eg set veldig pris på det. Det er ikkje tvil om at det løfta meg fram. Eg la det i stonga, seier han.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Men det har vore fantastisk moro. Publikum og stemninga har vore overveldande, legg Reiakvam til og er godt nøgd med innsatsen.

Spesielt trekkjer han fram både Sindre Rørstadbotnen og Ine Andersson. Sistnemnde noterte seg for fleire personlege rekordar onsdag .

– Det viser at det vi jobbar med er bra, seier han.