Hopp til innhold

No kan Lilo få fleire kollegaer

Eit besøk av hund får det til å lyse opp i auga til mange eldre. Papillonen Lilo i Florø har vore besøkshund i eit halvt år, no kan ho få fleire kollegaer.

Besøkshunden Lilo på besøk på Furuhaugane omsorgssenter

ROLEG: Lilo let seg gjerne klappe på. Her er det Astrid Karin Hamre som får tid med han når han er på besøk på Furuhaugane omsorgssenter i Florø.

Foto: Sogn og Fjordane Røde Kors

– Det er rart å sjå av og til. Nokon av dei eldre er veldig medtekne og reduserte. Men når dei får auge på hunden og får kontakt med ho, så er det akkurat som dei livnar til, seier Torill Kleiven.

Torill Kleiven og besøkshunden Lilo

PÅ BESØK: Torill Kleiven seier mange eldre lyser opp når dei får auge på ho og hunden Lilo. Her på Furuhaugane omsorgssenter.

Foto: Sogn og Fjordane Røde Kors

Ho og hunden Lilo har sidan august vore godkjente som besøksvenn med hund i Røde Kors.

– Ein fantastisk døropnar

Over heile landet blir slike besøksvenner stadig meir populært.

– Vi opplever stor etterspurnad. Både frå folk som ønskjer besøk, men også frå hundeeigarar som synest det er kjekt å delta i ein nyttig aktivitet som spreier glede, seier Kathrine Handal som er veterinær og kurshaldar for Røde Kors.

Alle som skal vere besøksvenn med hund må gjennom eit godkjenningskurs. I helga var det kurs i Florø, fem ekvipasjar frå kystbyen og to frå Jølster deltok.

Handal seier besøksvenn med hund er aktiviteten i Røde Kors som er i raskast vekst.

– Hundar gir stor glede til mange, både eldre og einsame. Hunden er ein fantastisk døropnar for å få kontakt med menneske, seier ho.

Astrid Karin Hamre får besøk av Torill Kleiven og Lilo

TRIKS: Besøkshunden Lilo gjer gjerne nokre triks for å få godbitar. Her er ho saman med eigar Torill Kleiven og bebuar Astrid Karin Hamre.

Foto: Sogn og Fjordane Røde Kors

– Dei kviknar til

Torill Kleiven og Lilo har vore på mange besøk på Furuhaugane omsorgssenter i Florø dei siste månadane.

Kathrine Handal og Bente Rakkenes Nygaard

HÅPAR PÅ GODKJENNING: Bente Rakkenes Nygaard (til venstre) håpar ho og hunden Luffi blir godkjent som besøksvenn med hund. Kathrine Handal som er kurshaldar tek den avgjerda i løpet av veka.

Foto: Flora Røde Kors

– Mange er einsame og har kanskje ikkje så mykje familie eller andre å snakke med. Når eg tek med Lilo og dei kan sitte å stryke på ho er det veldig mange som kviknar til. Dei pratar, smiler og ler.

Dette har også Bente Rakkenes Nygaard og hunden Luffi lyst å vere med på. I helga var dei med på kurs.

– Mange blir veldig rolege av at dei får ta på hund eller berre at det er ein hund i rommet, seier ho.

Lykkepille med pels

På kurset må hundane vise at dei er trygge i forskjellige miljø. Dei må vere sosiale, like omgang med menneske og like klapp og kos.

Kurshaldar Kathrine Handal har sjølv vore besøksvenn med hund i mange år.

– Å klappe på ein varm, mjuk pels gjer underverk. Hos ein del eldre ser vi at det får fram minner, vi ser at auga lyser opp. Dette er ei lykkepille med pels, som vi kallar det.

Rakkenes Nygaard og Luffi ventar no på svar om dei får godkjenning som besøksvenn med hund.

– Det var veldig interessant og givande. Berre det å vite at ein kan gjere noko for eit anna menneske med hunden er veldig positivt.

Kathrine Handal og Bente Rakkenes Nygård

TRYGGE: Bente Rakkenes Nygaard og hennar bichon havanais vart testa på forskjellige måtar under kurset i helga. Her saman med kurshaldar Kathrine Handal.

Foto: Flora Røde Kors
Kurs i "Besøksvenn med hund" i Florø

KURS: Til saman sju ekvipasjar deltok på kurset i Florø i helga.

Foto: Flora Røde Kors