Hopp til innhold

No jaktar han skodespelar i Sogn

Filmtalentet Daniel Volle skal i haust regissere sin første film med profesjonelt stab og skodespelarar.

Regissør Daniel Volle.

FILMTALENT: Sogndølen Daniel Volle (22) får mellom andre med seg produsent, og sambygding, Einar Loftesnes (37) og Ole Andre Rekkedal (23) frå Førde som produsent.

Foto: Firework Film

Dei siste åra har den 22 år gamle sogndølen sakte, men sikkert bygd seg opp ei filmkarriere i heimbygda.

No har han fått 350 000 kroner i støtte frå Vestnorsk Filmsenter til å produsere kortfilmen «Usynleg».

– Det handlar om ein litt spøkjelsesaktig kar som har nokre oppbrutte minne om ei jente som han er glad i frå tida han levde. Han må heimsøke henne for å kjenne seg vel og eksistere. Det er litt eventyrleg og spesiell, kanskje litt på kanten til ei overnaturleg historie, fortel Daniel Volle.

Søkjer filmtalent

Innspelinga skal i sin heilskap spelast inn i Sogn og Fjordane, med talent frå alle delar av fylket.

Med pengane på plass, startar jakta på dei som skal kle dei ulike rollene i filmen.

– Vi ser litt på kven som har vore i miljøet, på film eller teater, i Sogndal og omegn. Eg ynskjer å bruke nokon som snakkar sognedialekt, men det er ikkje så mange av dei som kjem herfrå. Så det er litt spanande å sjå kva vi får tak i, fortel Volle.

- Talent for Norge

Det er Volle sin eigen idé og mauns som no skal bli til kortfilmen «Usynleg». Ein fiksjonsfilm der han for første gong har med seg heilproffe aktørar i alle ledd.

Løyvinga vart gjort under Vestnorsk filmsenter sitt styremøte 30. august. Kunstnerisk leiar, Irmelin Nordahl, er overtydd om at den unge regissøren frå Sogndal er ein filmskapar som fleire og fleire vil leggje merke til.

– Daniel Volle er eit talent for Norge, og vi er veldig glad for at han har eige selskap i Sogndal. Og at han i tillegg til oppdragsfilm brukar sine kustneriske ferdigheiter vidare, seier ho.

Vunne ei rekkje prisar

Volle har delteke på festivalar og konkurransar. Mellom anna vart filmen hans «Area 10» kåra til beste film under UKM i 2007. Han har vunne prisar kvart år på både Q-filmfestivalen på Sandane og Sogndal Filmfestival.

I tillegg har Volle laga musikkvideo til Sogndal Fotball sin supportersong «Me E Med» . Etter medielinja på Sogndal vidaregåande skule, utdanna Daniel seg vidare i Danmark. Men førebels er Sogndal basen.

(Artikkelen held fram under Youtube-klippet)

– Det er ikkje Hollywood, men Hollywood har kome hit på grunn av naturen vår. Warner Brothers har spelt inn film på fjellet og dei kjem fordi her er bra saker. Du kjem ikkje vekk frå det. Eg tykkjer det er veldig bra med den naturen og det vi har rundt oss, seier han.

Blir i Sogndal - førebels

– Men kva verdi er det for deg å bu i den regionen du er fødd og vaksen opp på, kontra å flytte til Oslo eller andre byar der filmmiljøet er større?

- Eg har tenkt på det, og det kan vere at eg vil til byen etterkvart. Men førebels lager eg vanlegvis oppdragsfilm og har bra nettverk i området og klarer meg bra her. Det er på ein måte passeleg storleik på Sogndal, seier han.

«Spanande, men urovekkjande»

Volle vert av produksjonsselskapet Flimmer Film i Bergen skildra som eit ungt talent dei har tru på og som dei ynskjer å gje meir erfaring. Dei meiner historia om «Rune», som handlar om å forsone seg med tap og sorg, blir fortalt på ein spanande og urovekkjande måte.

Sjølv held Volle korta tett til brystet på spørsmål om «Usynleg».

– No er eg litt redd for å røpe for mykje. Det er trass alt ein kortfilm. Litt av opplevinga kjem i det defuse mellom kva som eksisterer og ikkje eksisterer, seier han.