NRK Meny
Normal

No har vi fleire enn 20.000 følgjarar

Sosiale medier blir stadig viktigare for folk, og denne veka passerte NRK Sogn og Fjordane 20.000 følgjarar på Facebook.

Logoane til NRK og Facebook

VIKTIG KANAL: NRK har ikkje noko formelt samarbeid med Facebook, men vi brukar mange av moglegheitene Facebook gjev oss som formidlar av nyhende og informasjon.

Foto: NRK

– Det er utruleg kjekt at så mange menneske har trykt på "liker-knappen" på sida vår. Det er med på å stadfeste vår posisjon i Sogn og Fjordane, seier fungerande distriktsredaktør, Roy Raasholm Fauske.

Fredag morgon var talet på følgjarar på Facebook-sida kome opp i 20.034, og stadig fleire brukar sosiale medier som sin viktigaste kanal for å lese nyheiter, sjå videoar og delta i samfunnsdebatten.

– Vi ser ikkje på Facebook som ein konkurrent, men snarare som ein moglegheit for oss til at enda fleire får kjennskap til vårt breie tilbod, og ikkje minst halde seg oppdatert på alt det spennande som skjer i Sogn og Fjordane, seier Fauske.

Kom i kontakt med oss

Stadig fleire brukar også vår Facebook-side til å kome i kontakt med oss i NRK. Om du sender oss ei melding via sida, skal du raskt på svar på det du lurer på. Du kan også bruke sida vår til å sende tips om nyhendesaker og tips om smått og stort som skjer i fylket.

– Vi tek også i mot til dømes stadig fleire platehelsingar via Facebook og det syner at sida vår er eit godt verktøy for mange av våre lesarar, lyttarar og sjåarar, slår Fauske fast.

Mange på Instagram

NRK Sogn og Fjordane har også ein aktiv konto på Instagram med nær 6200 følgjarar. Den finn du om du søkjer på @nrksf på din Instagram-app. Om du vil at vi skal sjå bilete eller videoar du legg ut, tagg dei med #nrksf.

– Vi er svært glade for alle som deler med oss, anten det er bilete, videoar eller annan informasjon, seier distriktsredaktøren.