Hopp til innhold

– Talet er jo altfor, altfor høgt. Vi klarar berre å ta toppen av isfjellet

FØRDE (NRK): Denne veka promilletestar UP-patruljar bilførarar over heile landet. Kvar dag skjer det 140.000 køyreturar med rusa sjåførar, og så langt i år er meir enn 8000 bilistar meldt for bilkøyring i rusa tilstand.

Kvar dag set140.000 nordmenn seg bak rattet med rus i blodet. Denne veka setter utrykkningspoliti over heile landet inn fleire kontrollar for å få ned tala.

– Talet er jo altfor, altfor høgt. Vi klarar berre å ta toppen av isfjellet, seier Einar Vereide.

Han og kollegaene hans i Utrykkingspolitiet i Vest politidistrikt stoppa torsdag ei mengde bilistar på vegane. Alle sjåførane må blåse for å vise om dei hadde rus i blodet.

– Her var det 0,0, les Vereide av på målinga frå ein av sjåførane som blei stoppa på riksveg 5 i Sunnfjord.

At det denne veka er ekstra mange promillekontrollar langs vegane, og er ikkje tilfeldig.

Aksjon i Europa

UP og politidistrikta i landet, samt politi andre stadar i Europa, set denne veka fokus på å førebygge og å avdekke ruspåverka køyring. Målet er å redusere talet på drepne og skadde på norske vegar.

UP kontroll i Førde

MÅTTE BLÅSE: UP har slike promillekontrollar heile året, men har større fokus på problemet denne veka.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Rus er ofte ein medverkande årsak i dødsulukker i trafikken. Difor er det veldig viktig å prøve å luke ut desse sjåførane, forklarar Vereide.

Statistikk frå Folkehelseinstituttet syner at det dagleg skjer 140.000 køyreturar med sjåfør i rusa tilstand.

Talet på registrerte meldingar om køyring i ruspåverka tilstand til politiet hittil i år er 8.728. 2.150 av desse vart meldt inn av UP. Dette viser tal NRK har fått frå utrykkingspolitiet sentralt.

Tal registrerte meldingar for køyring i ruspåverka tilstand hittil i år

Oslo politdistrikt

819

Øst politidistrikt

1229

Innlandet politidistrikt

567

Sør-Øst politidistrikt

1652

Agder politidistrikt

620

Sør-Vest politidistrikt

827

Vest politidistrikt

865

Møre og Romsdal politidistrikt

426

Trøndelag politidistrikt

691

Nordland politidistrikt

485

Troms politidistrikt

345

Finnmark politidistrikt

173

Svalbard politidistrikt

10

Ukjent

19

Totalsum

8728

Ekspander/minimer faktaboks

Flest blir tekne «dagen derpå»

Med julebordsesongen godt i gong, er det er ikkje tilfeldig at denne aksjonen kjem i førjulstida.

Bilist må blåse for UP vest

PROMILLEKONTROLL: Einar Vereide i UP ber ein bilist om å blåse. Her var det ingen promille, men 8.000 førarar har blitt tekne så langt i år.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Halvparten av dei som blåser raudt på alkohol har låg promille, og blir tekne mellom klokka åtte og eitt på føremiddagen, ifølge tal frå UP Vest.

– Folk trur dei er edru i totida, men då har dei gjerne heldt på så lenge at dei har gløymt dei siste glasa dei tok og då blåser dei raudt likevel, seier Vereide.

Konsentrasjonen av bilistar som blir tekne med høgare promille, er størst rundt midnatt.

Meir målretta

Terje Oksnes, distriktsleiar i UP Vest, fortel at tala deira på landsbasis viser at UP finn éin ruskøyrar per 190 stogga bilførar i 2017.

Terje Oksnes, UP

STRATEGISK: Terje Oksnes i UP Vest fortel dei totalt stoggar færre i promillekontroll no enn før, men gjennom strategisk planlegging lokar ut fleire av ruskøyrarane.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Dette er ei stor oppgang frå i fjor då talet var éin bilist per 290 stogga.

Oksnes meiner UP er blitt flinkare til å jobbe målretta med å stogge dei rusa trafikantane.

– Vi har eit register som viser statistikk på kva tid folk avslører si eiga ruskøyring, då dei enten køyrer i grøfta, kolliderer eller det blir meldt frå andre trafikantar som opplever køyring deira som mistenkeleg, forklarar han.

– Ut ifrå statistikken planlegg vi kontrollar på dei tidspunkta kor den mest trafikkfarlege rusen er på hjul.