Hopp til innhold

No har sjølv Torsheimen fått seg DAB

Oddvar Torsheim var innom NRK og fekk seg ein DAB-radio her om dagen. Kva tenkjer han om den nye teknologien?

Oddvar Torsheim, Gro Ravnestad

RETTE VEGEN: Oddvar Torsheim fekk seg ein DAB-radio og helste på redaksjonssjef Gro Ravnestad i same slengen.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

FM-nettet sløkker i Sogn og Fjordane førstkommande onsdag klokka 11.11. Dette gleder mange og ergrar andre.

Men kunstnaren Oddvar Torsheim er i alle fall klar til følgje med på kva som skjer, sjølv når klokka har tikka 11.12 onsdag.

– Eg er berre nøydd å følge med, altså. Eg føler meg som ei kløne overfor dottera mi og barnebarnet. Men eg gjer eit forsøk i alle fall.

– Eg har ei litt tung hjerne, men eg puggar på det. Eg trur det går rette vegen, seier kunstnaren til NRK.

Lite radio

– Høyrer du mykje på radio?

– Ikkje så forferdeleg mykje. Men eg høyrer når songane mine blir spelt. Og så høyrer eg på preika. Så eg høyrer ein del. Men for lite.

– Men no kan du høyre på mange kanalar.

– Eg føler alltid at eg høyrer for lite. Men eg sit å teiknar veldig mykje, veit du. Så ein eller annan plass går det ut.

Skal lytte

Torsheimen lovar likevel at han skal høyre på den nye radioen sin.

– Ja, eg skal høyre på den. Eg er veldig glad for radioen. Tusen takk.