NRK Meny
Normal

No har Selje og Eid slått seg saman

Med overveldande fleirtal har kommunestyra i Eid og Selje vedteke å slå seg saman til ein ny storkommune.

Politikarane i Eid og Selje feirar samanslåinga

GOD STEMNING: Det var god stemning hos politikarane i Selje etter at dei hadde vedteke å slå seg saman med Eid kommune.

Foto: Marita Aarvik

– Dette er ein gledens dag for Selje kommune, sa ordførar Stein Robert Osdal (KrF) berre nokre minutt etter at Selje kommunestyre med 14 mot 3 røyster hadde vedteke å slå seg saman med storebror og nabo Eid.

Formannskapa i begge kommunane hadde allereie vedteke ei samanslåing av dei to kommunane, men det er likevel ikkje før i dag at kommunestyra har handsama saka. I Eid var det 23 politikarar som røysta for samanslåing, og 6 mot røysta mot.

Dei to kommunane kom seint i gong med nabopraten, og det var ikkje før rett over nyttår at dei sett seg ned og vart samde om ein plan for korleis den nye kommunen skal sjå ut.

Les også: Eid vil slå seg saman med Selje

– Det som ligg i den planen er at kommunesenteret og rådmannen med sin stab skal liggje på Nordfjordeid. Plan, nærings og utviklingsavdelinga skal vere i dagens Selje kommune, og det er særleg kystnæringa i selje som vil vere fokus i næringssatsinga i den nye kommunen, forklarer ordførar i Eid Alfred Bjørlo (V).

Stein Robert Osdal, ordførar i Selje

TRUR IKKJE HAN BLIR UTKANT: Selje-ordførar Stein Robert Osdal trur ikkje kommunen hans blir ein utkant i den nye storkommunen

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Stortinget neste stopp

Det einaste som kan stogge ei samanslåing no er Stortinget, men Bjørlo trur ikkje det kjem til å skje.

– Vi har fått veldig klare forsikringar frå nasjonalt hald att det kjem vil bli helsa velkomen av regjeringa og støttepartia, så dette går nok vegen, seier Bjørlo.

Alfred Bjørlo på fylkestinget

NØGD: Alfred Bjørlo har kjempa for kommunesamanslåing i fleire år, og var strålande fornøgd etter at resultatet var klart i dag.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Eit usikkerheitsmoment har lenge vore kva som vil skje med Vågsøy. Det har vore spekulert i om Stortinget ville tvinge saman ein storkommune der også Vågsøy var med, med ordføraren i Selje kjenner seg no trygg på at det ikkje kjem til å skje.

– Vi har vore klare på at Vågsøy er velkomne inn i samarbeidet om dei ønskjer det, men vi har vore like klare på at det må skje frivillig. Vi vil ikkje at nokon skal verte tvinga inn i dette, seier Osdal.

Med sine 2700 innbyggjarar er Selje mykje mindre enn Eid med over 6000. Selje-ordføraren fryktar likevel ikkje å bli ein utkant i den nye kommunen.

– Nei, det er eg ikkje redd for i det heile teke. vi har kome fram til ein god avtale som begge kommunane kjem styrka ut av.

Bryggja kan kome med

Eit uvanleg trekk med den nye kommunen er at Eid og Selje ikkje har noko grense mellom kvarandre, og at storkommunen dermed ikkje heng saman. Eid-ordførar Bjørlo trur likevel at det kan forandre seg dei neste åra.

– Bryggja krins held jo på med eit innbyggjarinitiativ for å skifte kommune til Eid, og då vil vi plutseleg ha ein samanhengande kommune likevel.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.