NRK Meny
Normal

No har påsketrafikken roa seg

Det er no om lag ein halvtimes ventetid for å komme seg over Sognefjorden frå Lavik til Oppedal.

Kø Lavik

TOTALT KAOS: Her ved Lavik var det fullstendig kaos grunna tekniske problem på ferjesambandet søndag. Måndag er køane allereie begynt å vekse.

Foto: Mirsada Longva

Vegtrafikksentralen i Lærdal opplyser at frå trafikken har roa seg på strekninga. Tidlegare i dag har det vore over ein time ventetid.

Søndag var det totalt kaos på ferjesambandet etter at ein ferjelem skapte problem i fleire timar. Det fekk konsekvensar for trafikken til langt utpå kvelden.

Klokka 11.17 2. påskedag melde Statens vegvesen om ei ventetid på kring ein time, og det etter at ferjesambandet hadde begynt å gå for full kapasitet med tre ferjer.

Tor Vidar Kittang i Fjord1 sa til NRK at det var venta endå meir trafikk og at det ville bli køar også i dag. Men førebels skal alt det tekniske vere i orden.

Statens vegvesen held også tett auge med situasjonen på vegane.

– Køar vil det bli, men det er strengt talt normalt på slike dagar. Ferjesambandet har uansett ikkje kapasitet til å trafikkere med fleire enn tre ferjer, seier byggherrevakt Ann Kristin Nes i vegvesenet.

I resten av fylket går trafikken utan problem, også på ferjestrekninga Mannheller-Fodnes. Her er det venta litt ekstra trafikk i samband med Sogndal-kampen som startar klokka 18.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå