Hopp til innhold

Øyvind har to sjansar på å nå VM

Øyvind Strømmen Kjerpeset får to sjansar på ni dagar på å klare VM-kravet på 400 meter hekk.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

JAKTAR VM-KRAVET: Øyvind Strømmen Kjerpeset er berre nokre få tidlar frå å klare VM-kravet.

Foto: Thore-Erik Thoresen

Per no er 11 norske friidrettsutøvarar klar for VM som startar i Moskva 10. august. Blant desse er ikkje årets komet på 400 meter hekk, Øyvind Strømmen Kjerpeset (Florø). Førebels.

Fristen for å klare kravet er 29. juli.

– VM-kravet skal takast tysdag i Sverige. Eller laurdag i Belgia, seier

90 prosent sikkert

Har i sommar senka den norske rekorden to gonger. På heimebane vart Strømmen Kjerpeset første norske utøvar under 50 sekund i byrjinga av juni. No er rekorden 49,95.

For å klare VM-kravet må han ytterlegare fire tideler ned. Trenar Eystein Enoksen har stor tru på at 21-åringen blir å finne på startlista under meisterskapen i Russland.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

SJÅ: Øyvind Strømmen Kjerpeset med knalltid under Florø Friidrettsfestival.

– Eg har stor tru på han og reknar det som 90 prosent sikkert at han klarer kravet, men det avheng sjølvsagt av at ting klaffer. Det er små marginar, seier han.

To sjansar att

Første sjanse til å klare VM-kravet blir tysdag i Karlstad Grand Prix. Går ikkje det, tek Strømmen Kjerpeset turen til Ninove i Belgia for å delta i ei av rundane i Flanders Cup.

Eystein Enoksen

TRENAR: Eystein Enoksen.

Foto: NIH

I tillegg vurderte teamet å stille på sommarstemnet i Oslo torsdag. Det skjer truleg ikkje.

– Går det ikkje i Sverige, så satsar vi alle kort på Belgia. Det er eit stemne med bra nivå, men eg håpar framleis på ein løpar eller to som er på nivå med meg. Førebels er det eitt sekund ned til nestemann, seier Strømmen Kjerpeset.

Klarer det sjølv

– Avheng du av å ha sterke konkurrentar for å klare kravet?

– Eg veit eg er i stand til å klare det sjølv, så eg er ikkje avhengig av det. Men det er ein fordel og kan utgjere dei få hundredelane som skal til. Det er det lille ekstra eg er på jakt etter.

Signala kom tidleg i vinter om at Strømmen Kjerpeset si formidable utvikling.

– Må berre prøve

Kravet til U23-EM gjekk greitt, og sist helg nådde han målet om å springe finalen.

Etterkvart som tidene er pressa ned, har også sjansen om å stille i VM kome stadig nærare og nærare.

– No er eg jo plutseleg på eit slikt nivå at nye dører opnar seg. For meg er det berre eit privilegium å vere i stand til å kvalifisere seg til VM i sprint. Då må eg berre prøve. Går det ikkje, så er det berre å jobbe på vidare til neste gong, seier han.

God nok for kravet

– Eg har gjort treningsresultat som viser at eg er meir enn god nok for VM-kravet, men det handlar om å få det ut, seier han.

– Ja, korleis skal du førebu deg slik at du får det ut i løpet av ni dagar?

– Det blir veldig lik trening som før EM. Du nyttar vinter og vår til å trene veldig hardt, så handlar det om å gi muskulaturen overskot til å yte maks på sommaren. Du trenar berre på det mest naudsynte i toppfart, og terpar teknikk på hekkløpet.

Samlar overskot

– Eg har berre trena tre gonger sidan førre helg, og det er veldig lite. Men no samlar eg overskot i håp om å utløyse endå ein formtopp, så det blir spennande å sjå. Eg har i alle fall gjort alt eg kan, held han fram.

– No har han levert jamt tette tider, så sjansane er store for at han klarer det, seier trenar Enoksen og avsluttar:

– Vi hadde håp om at det skulle gå i EM, men der var det litt dårleg bane med knappe svingar for Øyvind. Med bra forhold, god bane og god matching, så klarer han det no.