Hopp til innhold

No har Jonas gått til filmen og satsar på gull

Sogndølen Jonas Nyløy Navarsete har imponert mange med sine Youtube-produksjonar dei siste åra. No lanserer han sin første, store produksjon der filmmusikk er i fokus, og satsar på gull i norsk tevling.

Med kanalen Avarage Jonas er det mange unge som har fått augene opp for Navarsete, som særleg har vekt merksemd for sine a capella-tolkningar av kjende songar.

– Videoen har eg kalla Epic Movie Medley, og eg har sett saman musikk frå Pirates of The Caribean, Ringenes Herre og Star Wars. Alt er a capella, med eit lite innslag av trompet, fortel Navarsete.

Hittil har det vore om lag 23.500 visningar av vidoen, og tilbakemeldinane frå sjåarane har vore gode.

Fått eige kontor i Oslo

Navarsete bur no i Oslo, der han studerer song på Musikkhøgskulen. Men samstundes har han fått plass i youtubar-kollektivet til Nordic Screens i Nydalen. Der brukar han mange timar på kveldstid og i helgene.

– Det er berre meg her frå fylket som har kontor der no. Her er det mange andre youtubarar, og eit utruleg godt grunnlag for å kunne samarbeide om ulike prosjekt, fortel Navarsete, som har eit mål om å kunne leve av å produsere videoar for nettstaden.

Satsar på Gullsnutten

Men først i løypa no kjem den NRK-sende finalen i Youtube-tevlinga Gullsnutten 16. april. Alt no kan ein vere med å røyste fram norske Youtube-stjerner innan ulike kategoriar, mellom anna då Navarsete.

– Eg skal uansett vere på prisutdelingsshowet, og har blant anna ein video som skal visast der. Får generelt mykje merksemd når eit slikt show blir sendt på TV, trur Jonas Nyløy Navarsete.