Hopp til innhold

No har han signert dei første lokale håpa

Sogndal-manager Eirik Bakke er godt nøgd med å ha signert både årdølen Edin Øy (17) og eidaren Simen Lefdal (16) for tre år.

Eirik Bakke vil gjerne ha fleire spelarar frå Sogn og Fjordane

NØYE: - Ein må ha ein plan før flyttar spelarar frå moderklubben, seier Sogndal-manager Eirik Bakke.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi hadde ikkje henta dei dersom vi ikkje meinte dei var gode nok, seier Bakke.

Dei to unggutane har hospitert i Sogndal til og frå sidan januar, og no har begge signert kvar sin treårskontrakt med klubben. Det er førebels uklart når spelarane fysisk går over til Sogndal.

– Det skal vi bli samde om i løpet av mars. Enn så lenge spelar dei i moderklubbane sine Årdak FK og Eid, seier Bakke.

Hentar ikkje folk for moro skuld

Bakke har vore klar på at lokale fotballtalent og fylkesprofilen er viktig for 1. divisjonsklubben i saftbygda, og har hatt fleire lokale spelarar på prøvespel. Førebels ligg det ikkje an til fleire signeringar med det første.

– Det er mange gode spelarar der ute, og vi har fleire i kikkerten. Men det har ikkje hensikt å hente dei til Sogndal dersom dei ikkje har sjans til å spele på A-laget. Då har dei det betre der vi er. Men vi har tett kontakt med klubbane, seier Bakke.

Sogndal vil ta i bruk fleire lokale spelarar.

Lovar å ta vare på dei - også utanfor bana

Han understrekar at unggutane skal matchast forsiktig.

– Dei skal få tid til å kjenne på nivået. Men det er opp til dei å ta steget. Vi er på jakt etter spelarar som vil, og som har ambisjonar. Det har desse to. Dette er typar som vil passe godt inn på laget, seier Bakke.

Han er klar på at det er eit nettverk som ventar dei når dei kjem til Sogndal, også utanfor bana.

– Vi har lang røynsle på dette, og vi veit at det er viktig å ta vare på dei. Eg er ikkje redd for den biten, seier Bakke.