Hopp til innhold

No har fjorddeponiet i Naustdal nådd Financial Times

Er Norge ein miljøhelt eller ein hyklar, spør ei av verdas største aviser.

førdefjorden
Foto: Financial Times/Vidar Gudvangen

Fjorddeponiet i Førdefjorden har nådd verdspressa.

Torsdag publiserte den britiske finansavisa Financial Times, med kring 2,1 millionar daglege lesarar, ein artikkel der dei spør om Norges miljøengasjement ute i verda er hyklersk.

– Tilbakemeldingane eg har fått etter at saka blei publisert, er frå folk som tykkjer at Norge er dobbeltmoralske, seier journalist i Financial Richard Milne.

– Kan presse andre

Anne-Line Thingnes Førsund

NØGD: Anne-Line Thingsnes Førsund frå Vevring er særs nøgd med at gruveplanane i Naustdal får internasjonal merksemd.

Foto: Privat

Er det for langt mellom liv og lære når vi betalar milliardar av dollar for å stoppe avskoginga i Brasil og Indonesia, samstundes som vi tillèt dumping av millionar av tonn med industriavfall i Førdefjorden, står det i artikkelen.

Anne-Line Thingsnes Førsund frå Vevring, ei av kjeldene Financial Times-journalisten har snakka med, meiner definitivt ja.

– Dersom Norge er villig til å dumpe i fjordane kan det leggje press på ein opparbeidde miljøstandaren i andre land, særskilt fattige land kan bli råka hardt, seier Førsund til avisa.

Nina Jensen, leiar i WWF Norge er samd.

– Vi seier til alle andre kva dei skal gjere, men vi gjer det ikkje sjølve, seier Jensen til avisa.

Artikkelen tek også for seg kullgruva på Svalbard og debatten om oljeboring i Arktis som døme på at Norge er miljøhyklersk.

– Dobbeltmoralsk

Til NRK seier Anne-Line Thingnes Førsund frå Vevring at ho er særs nøgd med at gruveplanane i Naustdal får internasjonal merksemd.

– At ei av verdas store finansaviser brukar ei heilside på å vise den norske dobbeltmoralen, viser alvoret i det vedtaket regjeringa har gjort om Førdefjorden.

Ho trur Norge vil få mykje negativ omtale internasjonal presse i tida framover, dersom dumping i Førdefjorden blir ein realitet.

– Vi står fram som ein miljønasjon uttad, men samstundes driv vi med grov forureining. Det skulle berre mangle at verda reagerer.

– Heilt feil

Ivar S. Fossum fortel

IKKJE EINIG: – Norge er verken hyklersk eller dobbeltmoralsk, seier Ivar S. Fossum, administrerande direktør i Nordic Mining.

Foto: Tor-Erik Humlen / NRK

At Nordic Mining blir brukt som eit døme på at Norge er miljøhyklarar, tykkjer administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar S. Fossum blir feil.

– Eg meiner Norge verken er hyklersk eller dobbeltmoralsk. Eg kan ikkje hugse at Norge har kritisert andre land for måten dei gjer dette på, seier Fossum.