Hopp til innhold

No har Fannemel knekt Klingenthal-koden

Lada opp til OL med 50 treningshopp Før helgas verdscuprenn hadde ikkje Anders Fannemel fått det heilt til i bakken i Klingenthal. Men det er det slutt på no.

Germany Ski Jumping World Cup Anders Fannemel

NØGD: – Eg har fleire hopp som er blant verdas lengste, og det er eg nøgd med, seier Anders Fannemel.

Foto: Jens Meyer / Ap

Då han deltok i fjorårets renn i Klingenthal i november, hamna han på 29. plass i det individuelle rennet.

– Eg har i grunnen aldri heilt fått til den bakken der før, seier Fannemel.

Men det er det slutt på no. Ungguten frå Hornindal flaug frå dei fleste både i kvalifiseringa fredag, laghoppinga laurdag, og det individuelle rennet søndag.

Hadde ein plan før helga

Dermed kan han stryke nok ein bakke av lista over bakkar han vil ha kontroll over.

– Det er ei ganske god kjensle når ein har klart å fikse ein hoppbakke. På dette nivået her er det ganske kult å få syne det fram, seier Fannemel.

På førehand hadde han tenkt grundig gjennom kva som skulle til for å knekkje koden i Klingenthal.

– Eg hadde ein god plan, og den fungerte ganske bra, seier Fannemel.

Trass i at han hamna på 4. plass i dagens renn, er han meir enn godt nøgd med sesongopninga.

– Det kjennest veldig godt. Eg fekk god start på helga fredag, og har klart å halde det gåande heile helga. Eg er godt nøgd med sesongstarten, seier Fannemel.

(Artikkelen held fram under videoen)

Intervju med Anders Fannemel. Reporter: Christian Nilssen.

Skjønte andrehoppet var for dårleg

Roman Koudelka vann rennet framfor Stefan Kraft. Fannemel vart så vidt vippa av pallen av Andreas Wellinger frå Tyskland, som var siste hoppar ut, men det tek han med fatning.

– Eg innsåg at det ikkje heldt då eg hoppa andre hoppet, for det var litt for dårleg. Eg var irritert på meg sjølv med ein gong, men det var ganske nær at det var full klaff, seier Fannemel.

I helgas verdscupopning i hopp har Fannemel hatt fleire hopp på over 140 meter, og etter første omgang i dagens konkurranse hadde han lengste hoppet, sjølv om han av dommarane vart dømd til ein førebels 2. plass.

– Det gjekk mykje betre enn venta. På fredag var første hoppet på 146 meter, og det gav god sjølvtillit for resten av helga, seier Fannemel.

(Artikkelen held fram under videoen)

Anders Fannemel slår til med et hopp på 144 meter i finaleomgangen. Komm.: Christian Nilssen og Espen Bredesen.

Er i god form

Fannemel må tilbake til 2012 for å syne til pallplassering i verdscupen, sjølv om han har fleire 4., 5. og 6.-plassar å skilte med.

– Vi hoppar jo for å vinne, og det er det det handlar om. Men dette er eit stort steg vidare på vegen til å bli best i verda. Eg har einskildhopp som er best i verda, og det er kjekt å ha med seg, seier Fannemel.

Etter Fannemel sitt hopp i første omgang i dag, uttalte NRK sin hoppekspert, Espen Bredesen:

– Fannemel er i form.

– Det stemmer det. Eg er i ganske god form. Det er kjekt at det vert sett og at eg klarar å vise det, seier Fannemel.

Neste helg går turen for hopplandslaget vidare til Kuusamo. Helga etter er det verdscup på Lillehammer, og det gler Fannemel seg ekstra til.

– Det blir ekstra kjekt, seier Fannemel.