Hopp til innhold

Ekstraferja var ute av drift i kort tid – køane hopa seg opp

Køane hopa seg fort opp på ferjesambandet Anda-Lote på E39 då ekstraferja fekk eit teknisk problem. No er ferja tilbake i rute.

Ferja Sognefjord

EKSTRAFERJE: «Sognefjord» har gått som ekstraferje på sambandet, for å halda unna den auka trafikken.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Vi hadde eit mindre teknisk problem, så vi måtte flytta ferja litt ut på fjorden for å få reparert den. No er ferja på veg tilbake i rute, så no skal det vera to ferjer i drift, seier Tor Kristoffersen, regionleiar i Fjord1.

Då ekstraferja «Sognefjord» måtte ta ein pause på ruta vart det fort lengre køar på begge sider.

– Det er enormt med trafikk på sambandet, då alle som vanlegvis ville køyrt gjennom Stryn no må med ferja. Det viser kor sårbare vi er for tekniske problem, seier Kristoffersen, og legg til at trafikken er nesten dobbelt så stor som vanleg.

Flaumen 24. juli tok med seg store delar av fylkesveg 60 som går over gjennom Utvik sentrum, og har gjort at all gjennomgangstrafikk som ville nytta fjellet har måtte køyrt E39.

Bilferja «Sognefjord» har hatt problem tidlegare, då grunna ureiningar som har kome ut fjorden frå Utvik.