No har det kome snø i låglandet

Snø og slaps møtte bilistar i morgontimane. Både på Utvikfjellet og i Oppstryn blei sjåførar overraska over snø i vegbana.

Snø i Oppstryn

SNØ I OPPSTRYN: Det har kome snø i låglandet i morgontimane.

Foto: Marita Guddal

Bilistar med sommardekk har måtte snu på veg over Utvikfjellet. Halvor Flatland skulle på eit møte i Stryn, men med sommardekk på bilen, måtte han gjere vendereis.

– Eg kom meg rett og slett ikkje over, så no reiser eg tilbake på kontoret mitt, seier han.

Snøar så det lavar i Jostedalen!

SMS frå ein jostedøl

Snø i Stryn

Også i Stryn er det kome snø i dag. Marita Guddal fortel at det regna i sentrum, men etter å ha køyrt ei mil mot Oppstryn, byrja det å slapse.

– Det er snø og slaps på vegane og snøen er i ferd med å leggje seg på graset. Alle bilane som kjem mot meg køyrer maksimum 60 km/t og vêret blir berre verre og verre, fortel ho.

Også i Sogndalsdalen er det kvitt i føremiddag. På Hemsedalsfjellet, mellom Borlaug og Holesvingane, har eit vogntog fått problem og sperrar eine køyefeltet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Utvikfjellet

SNØ OG SLAPS: På fylkesveg 60 over Utvikfjellet (634 moh) er det kvitt i dag. Slik såg det ut like før halv åtte i dag tidleg.

Foto: Statens vegvesen

Slaps på fjellovergangane

Snø på Kikut

KIKUT: Også på Kikut i Buskerud har det kome snø i morgontimane.

Foto: NRK.no-tipsar

Roger Nedberge Hille ved vegtrafikksentralen seier det er snøslaps på dei fleste fjellovergangane i morgontimane.

– Den første snøen kjem like uventa på folk kvart år. Men no er det haust og snart vinter, så det er vel ikkje anna å vente, seier han.

– Har du eit råd til bilistane?

– Vinteren er foreståande, så vinterdekk er eit godt tips.

– Dette var uventa

Vakthavande meteorolog ved vervarslinga på Vestlandet, Tone Christin Thaule, blir overraska då ho høyrer at det har kome snø i låglandet så tidleg.

– Dette var uventa, for vi hadde meldt snø frå 600 meter. Kanskje temperaturen har blitt litt lågare enn vi hadde venta, og at det er difor det har blitt snø og slaps.

Ho trur ikkje det vil halde fram med å snø utover dagen i låge strøk.

– Snøgrensa vil nok liggje på 500-700 meter resten av dagen, seier ho.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.