NRK Meny
Normal

No har dei søkt om fellingsløyve for ulv

Bonden som i går fann eit daudt lam i Guddal i Sunnfjord, fryktar at ulven i løpet av natta og dagen har teke fleire dyr. No er det søkt om fellingsløyve på rovdyret.

Lam tatt av ulv i Guddal

LAM DREPE: Det er truleg ulv som står bak.

– Der er det mykje sau som har byrja å trekkje ned og det er sett fugleaktivitet for kort tid sidan, men dei har ikkje fått noko avklaring der enda. Eg manglar to dyr og eg fryktar det har vore angrep det siste døgnet, fortel sauebonde Inger Helen Stenevik.

Ho er prega av det som har skjedd og fryktar det går ein ulv laust midt blant dei store saueflokkane i fjellområda mellom Fjaler og Gaular. Ho er glad for at det no er sendt søknad om skadefelling.

Då ho fann det daude lammet på tysdag var det framleis varmt og det var tydeleg at det ikkje var lenge sidan eit rovdyr hadde slege til.

Litt over klokka 15 i ettermiddag har ikkje Fylkesmannen i Sogn og Fjordane bestemt seg for om dei vil gje fellingsløyve.

– Akkurat utfallet må vi kome tilbake til. Vi fekk inn søknaden i dag og ser på den så fort vi kan. Vi vurderer dei opplysningane vi har fått. Vi har behov for å få verifisert nokre opplysningar frå Statens Naturoppsyn, seier Eline Orheim hos Fylkesmannen.

Dei vurderer uansett skadepotensialet som stort.

– Det er mange beitedyr i området. Vi veit at ulven er sky og difor kan det også vere ein fordel å kome raskt i gang med eit fellingsforsøk, seier Orheim.

Tidlegare i juli kom det melding om at åtte lam var tatt av det som truleg er den same ulven i Naustdal.

Vegopning på Bergum i Førde kommune