NRK Meny
Normal

No har dei skrive avtale på tvers av fylkesgrensa

Aurland, Vik og Voss blei måndag samde om ein intensjonsavtale for ein ny storkommune.

Voss storkommune

NYE VOSS KOMMUNE? Ein storkommune med nær 19.000 innbyggjarar, og med Voss som sentrum.

Blir kommunen ein realitet, blir aurlendingane og vikjene hordalendingar.

Noralv Distad Høgre fylkestinget

INGEN ALTERNATIV I SOGN: Noralv Distad har ikkje lagt skjul på at han helst ser at Aurland held fram som eigen kommune. Viss ikkje er Voss einaste alternativ, konkluderer ordføraren.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Dette er det einaste reelle alternativet til samanslåing for min kommune, seier ordførar Noralv Distad (H) i Aurland.

Det andre alternativet er å halde fram som eigen kommune.

– Det er veldig bra at vi kan legge fram ein god avtale til innbyggjarane, så får dei vege dette opp mot alternativet å stå åleine.

Seier dei ja, blir kommunesenteret flytta frå Aurlandsvangen og Vikøyri. Intensjonsavtalen Aurland, Vik og Voss har komme fram til måndag innebær at både namnet og kommunesenteret i den nye kommunen blir Voss.

Vik ser to vegar

I Vik er ordføraren særleg nøgd med det som dei har kome fram til når det gjeld kompensasjon for kraftinntekter.

Olav Turvoll - ordførar i Vik

TUNNEL ELLER FERJE: Olav Turvoll og vikjene ser gjerne mot Voss, ikkje minst den dagen ein ny tunnel på Vikafjellet måtte stå klar. Alternativet er gå i kompaniskap med naboane på andre sida av Sognefjorden.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Eg meiner vi er komne så langt som vi kan komme, seier Olav Turvoll (Sp) som i motsetnad til Distad har fleire alternativ forutan å bli ståande åleine.

Vik er framleis i forhandlingar med Balestrand, Leikanger og Sogndal om ein storkommune i Sogn. Her møtest partane på nytt til samtalar alt kommande fredag.

– Det er store avstandar uansett, sjølv om kommunikasjonane skulle bli betre, konstaterer Turvoll.

Voss: – Forhandlar berre med Aurland og Vik

På andre sida av Vikafjellet er Ap-ordføraren på Voss klar på at dagens intensjonsavtale er den einaste kommunen har å halde seg til, per i dag.

Hans-Erik Ringkjøb, ordførar voss

EINASTE HANDFASTE: Den ferske intensjonsavtalen med naboane i Sogn er så langt einaste alternativ for ordførar Hans-Erik Ringkjøb, i tillegg til å bli ståande åleine.

Foto: NRK

– Vi har hatt same tilnærming til alle naboar, men det er berre Vik og Aurland vi har hatt seriøse forhandlingar med. Slik det ligg an til no, er vi i same situasjon som Aurland. Det står om storkommune eller om ein skal stå åleine, seier Hans Erik Ringkjøb til NRK.

Han viser til at kommunane sør for Voss har gjort det klart at dei køyrer sitt eige løp i Hardanger, men legg til at ein enno ikkje heilt har gitt opp naboen i vest – Vaksdal.

– Der er ting meir uavklart. Det er klart at om ein tenkjer på korridoren mot Bergen så er dei interessante, seier vossaordføraren som dermed framleis held døra på gløtt for ordførar-kollega Erik Haga.

Neste stopp for på vegen mot ein storkommune er handsaming av intensjonsavtalen i dei respektive kommunestyra, før innbyggjarane til slutt får seie sitt.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen