NRK Meny
Normal

No har Arve realisert draumen om livet

HØYANGER (NRK): Arve Ullebø har teke bilete av innvandrarar i Høyanger. Han vil syne at innvandring ikkje er noko nytt i industribygda, og at uansett kor vi kjem ifrå, har vi alle den same draumen om eit godt liv.

Arve Ullebø

VIL HJELPE: Arve Ullebø håpar han kan skape positivitet og hjelpe på integreringa av dei nye asylsøkjarane i Høyanger med fotoutstillinga si

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

–– Då eg høyrde at det skulle kome tre hundre asylsøkjarar til Høyanger ville eg prøve å gjere noko positivt for å få til ein god start på integreringa. Denne utstillinga er mitt forsøk på å hjelpe.

Laurdag føremiddag var Høyanger samfunnshus fylt til randa av folk som ville sjå utstillinga «Draumen om livet». Ullebø sjølv var storfornøgd, og håpar folk ikkje berre likar bileta, men at dei også får med seg bodskapen hans.

jente

FRÅ IRAK TIL HØYANGER: Denne jenta har flytta heilt ifrå Irak til industristaden i Sogn

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Poenget mitt er innvandring ikkje er noko nytt i Høyanger. Det var innvandrarar som starta industrieventyret her i bygda, og vi er nesten alle etterkommarar av folk som har kome etter det. Før Hydro etablerte seg her var det nesten ingenting her!

Smeltedigelen Høyanger

Utstillinga er portrettbilete av innbyggjarar i Høyanger. Nokre av bileta er folk som har budd i bygda heile livet, nokre har kome ifrå andre stader i Sogn og Fjordane og nokre har kome ifrå ulike land rundt om i verda. Fellesnemnaren er at dei no er Høyangerfolk.

Bilete

PORTRETT: Ullebø har fått mange forskjellige folk ifrå Høyanger til å stille opp i eit fotostudio. Han vil syne at nesten alle i Høyanger på sett og vis er innvandrarar.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Bileta syner industriarbeidarar på aluminiumsverket, ordførarar og rådmenn, husmødrer, flyktningar og arbeidsinnvandrarar. Saman utgjer dei smeltedigelen som er høyangersamfunnet.

Ullebø jobba sjølv på verket i Høyanger i ti år, før han vart lei og satsa på fotografi i staden. Han kjem ifrå den vesle bygda Vadheim i Høyanger kommune, og kjenner industrisamfunnet godt.

Torfinn

NØGD: Torfinn Fimreite er nøgd med bilete av seg sjølv. Fleire kommenterte at det var eit uttrykksfullt bilete.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Ein god møteplass

Tarik ifrå Syria har nett flytta til bygda, og han tykkjer bileta til Ullebø er svært gode.

– Det er så sterkt å sjå ansikta til folk på denne måten. Fotografen har fanga utruleg mange uttrykk i bileta.

Tarik

MØTER NYE FOLK: Tarik ifrå Syria har møtte fleire nye folk i Høyanger, og tykkjer utstillinga til Ullebø er ein god stad å møte fleire.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Han seier også at utstillinga har gjeve han høve til å verte kjend med sine nye sambygdingar

– Eg har allereie vorte kjend med mange nordmenn, og det er gjerne på arrangement slik som dette at ein gjer det. De er jo ikkje så lette å kome innpå kanskje, men når ein først får dykk i prat er nordmenn veldig venlege, seier syraren.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser