NRK Meny
Normal

No har alle fått straumen tilbake

Tysdag ettermiddag har alle i Lærdal fått straumen tilbake. Det blir framleis jobba med ei meir langsiktig løysing, og folk blir framleis oppmoda om å vere bevisste på straumbruken.

Strømproblemer i Lærdal

STRAUM: Alle i Lærdal skal tysdag ettermiddag ha fått straumen tilbake.

Foto: Marius Arnesen / NRK

Tysdag føremiddag var alle straumkundane i Lærdal forsynt med straum anten via ei linje frå Borgund eller via aggregat, med unntak av ca 25 kundar i områda Vindedal, Erdal og Fodnes.

I heile dag har det blitt jobba med å få på plass ei forsterka reserveløysing, og utover ettermiddag har aggregat for aggregat blitt kopla ut. Klokka 18 stadfestar distriktssjefen for kraftforsyninga i Sogn og Fjordane at alle har fått straumen tilbake.

– No er alle kundane kome inn og er operative på den vanlege reserveløysinga, seier Asgeir Aase til NRK.no.

– God nok kapasitet

Straumen vart vekke i heile Lærdal i samband med storbrannen natt til søndag, og sidan har det blitt jobba på spreng med å få til gode løysingar. Tysdag morgon gjekk ordførar Jan Geir Solheim ut og uttrykte uro fordi hovudstraumlinja til kommunen var øydelagd.

Med ein kuldeperiode i vente frykta han for konsekvensane.

Lærdal Energi var raskt ute og avviste at det var snakk om noko straumkrise.

Asgeir Aase seier til NRK.no tysdag ettermiddag at straumløysinga som no er på plass skal ha kapasitet til å handtere behovet i Lærdalsamfunnet. Også når kulda kjem.

– Det er ei reserveløysing som er litt meir sårbar enn den vanlege løysinga, men den skal ha kapasitet til å handtere samfunnet, seier han.

Oppmodar likevel til sparing

Likevel ber han innbyggjarar og andre straumkundar om å vere litt varsame med bruken den nærmaste tida.

– Det er ingen ulempe at ein er bevisst på kva ein brukar straum til, inntil vi ser at løysinga er stabil. Men det skal vere kapasitet, understrekar han.

Kor lang tid det vil ta å byggje opp att anlegget er ikkje klart, og det blir no jobba med andre løysingar.

– Det er på veg eit komplett anlegg på ein container frå Austlandet. Om ting går slik vi håpar og ønskjer har vi på plass eit komplett anlegg som er forsynt frå hovudforsyninga i løpet av ein dag eller to, seier Aase.

Det blir dermed ikkje aktuelt med å fly inn noko trafo frå Hammerfest, slik det har vore snakk om tidlegare i dag.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå