Hopp til innhold

No har Kråkenes fyr fått nye leigetakarar

Frå nyttår tar Ytre Nordfjord Turlag over drifta av Kråkenes fyr.

Kråkenes fyr

VÊRHARDT: Kråkenes fyr ligg på ein av dei mest vêrharde plassane i landet med Stadhavet som næraste nabo.

Foto: Bickhardt, Thomas / SCANPIX

– Vi har gode erfaringar med dei. Dei har blant anna drive Skongnes fyr med stort hell og vi trur dei vil halda fram på same vis på Kråkenes fyr, seier Svein Gunnar Vallestad, anleggsingeniør i Kystverket avdeling Vest.

Det var i slutten av september at det vart klart at Thomas og Bettina Bickhardt, som har drive fyret i 25 år, ikkje fornya leigekontrakten som går ut ved nyttår.

Seks søkarar

Då Kystverket gjekk ut og søkte etter nye leigetakarar var fristen for å melda interesse ein dryg månad. Totalt var det seks søknadar om å overta drifta på fyret.

– Det var ingen av dei andre søkarane som hadde ein like solid organisasjon i ryggen som det turlaget hadde. Det kjem godt med for det krev ein del vedlikehald på bygget på ein så vêrhard plass, seier Vallestad.

Leiar i Ytre Nordfjord Turlag, Tor Magne Gangsøy, gler seg til å ta over drifta av nok eit fyr.

– Vi har tatt ein sjanse og vi fekk ein leigeavtale frå januar 2019. Det vert spennande å jobba med to så ikoniske fyr her i kommunen, seier Gangsøy.

– Kva er skilnaden mellom Skongnes og Kråkenes?

– Kråkenes er nok litt annleis. Det er meir vêrhardt, men det er lettare å kome seg dit. For å kome seg til Skongnes må ein anten bruke båt eller gå i halvannan time, svarar han.

Målet er å driva Kråkenes fyr i det han skildrar som god DNT-ånd, men at dei også vil vidareføra ting som er der i dag med blant anna stormturisme.