I denne bygda får dei besøk av Hurtigruten

Hurtigruten sine ekspedisjonscruise har bestemt seg for å stoppe blant fjell, fjord og isbre i Fjærland. No er det gryande optimisme og eit håp om nye arbeidsplassar for reiselivet i bygda.

MS Trollfjord på Geirangerfjorden

ÅRET RUNDT: Hurtigruten sine nye ekspedisjonsseglingar kjem i tillegg til den tradisjonsrike ruta mellom Bergen og Kirkenes. Fleire små, spesialbygde skip skal segle til utvalde destinasjonar langs heile kysten i vintersesongen.

Foto: CONNY WUNSCHE / Hurtigruten

Dermed har pipa fått ein annan lyd sidan Hurtigruta først lanserte planane sine om eit anløp i Fjærland.

Ikkje alle var like glade for satsinga, og frykta mellom anna at bygda skal bli like fullt av skip og turistar som Flåm.

– Eg trur ikkje vi visste kva det innebar den gongen. Dette er annleis, det er moderate båtar og ikkje så veldig mange turistar som folk frykta, seier Bjarte Haugen.

Han er leiar i Fjærland Næringssamskipnad og er positiv til at Hurtigruten no har bestemt seg for å stoppe i bygda.

– Det er heilt topp. Dette vil bety arbeidsplassar og aktivitet om vinteren, då det elles er lite turisme.

Bjarte Haugen

TOPP: Bjarte Haugen i Fjærland næringssamskipnad synest det er topp at Hurtigruten sitt destinasjonscruise kjem til Fjærland.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Ein interessant destinasjon

Frå 2021 skal Hurtigruten gå frå elleve til sju skip i kystruta Bergen-Kirkenes. Dei resterande skipa skal dei då ta ut i ekspedisjonsseglingar. Desse cruiseskipa er små, spesialbygde skip som skal segle til stader dei store cruiseskipa ikkje kan dra.

Vinterseglingane, med stopp ein heil dag i Fjærland, er planlagde for vinteren 2021/2022, fortel Sigrid Mogård i Hurtigruten.

Sigrid Mogård

UNIKT: – Fjærland er ein unik stad å stoppe, seier Sigrid Mogård i Hurtigruten.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Vi vil stoppe her på grunn av kombinasjonen av fjell, fjord og isbre, seier ho, og held fram:

– I tillegg til eit lite sentrum med artige kuriositetar som bokbyen, kyrkja og antikvitetar. Kombinasjonen er veldig interessant for gjestane våre.

Kan bety fleire arbeidsplassar

På Norsk bremuseum ser dei fram til å få besøk av fleire turistar. Direktør John Brekke er einig i at Fjærland er ein interessant stad å stoppe for gjestane til Hurtigruten.

– Det er eit kunnskapstørstig publikum, og det gir oss moglegheit til å halde ope heile året. På sikt kan det bety av vi kan tilsette fleire, seier Brekke.

Han meiner anløpet kan vere eit gjennombrot for å utvikle Fjærland som destinasjon.

– Heilårsturisme er noko heile fjord-Noreg satsar på. Dette kan vere med på å løfte til dømes bokbyen.

John Brekke, direktør Norsk bremuseum

POSITIV: Direktør ved Norsk bremuseum, John Brekke.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Ønsker heilårsturisme

Og med eit krevjande bokmarknad, kan besøk av Hurtigruten vere interessant, seier bokansvarleg, Randi Finne.

Randi Finne, bokansvarleg i Bokbyen

POTENSIAL: Bokansvarleg Randi Finne i Bokbyen trur Hurtigruten er ein god moglegheit.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Vi treng fleire bein å stå på, og dette kan gi oss fleire kundar gjennom heile året. Det er klart Hurtigruta er eit potensial for oss, seier Finne.

Mogård frå Hurtigruten vart difor teken godt imot då ho var på synfaring i Fjærland.

– Folk er positive til at vi no bidreg til at det blir heilårsturisme. Fjærland er urørt og superattraktivt, seier ho.

Ekspedisjonsskipet som vil stoppe i Fjærland har ein makskapasitet på om lag 500 gjestar. Destinasjonane blir berre planlagde for eit år om gongen.

Fjærland

FJÆRLAND: Fjord, fjell og isbre lokkar Hurtigruta hit.

Foto: Ola Weel Skram / NRK