Hopp til innhold

No gjer han seg klar for høgsesongen

FØRDE (NRK): I dag melde vinteren seg også i Sogn og Fjordane, og no melder meteorologane om at det kan bli eit drastisk fall i temperaturane søndag kveld.

Bilbergarane gjer seg klare for den travalste tida i året.

FØREBUR SEG: No ventar ei hektisk årstid for bilbergarane i Sogn og Fjordane.

I dag kom snøen i Sogndalsdalen og er det er venta snø heilt i fjæresteinane, og med det første snøfallet opplever vi kvart år problem i trafikken med bulking og utforkøyringar.

– No følgjer vi nøye med på vêrmeldingane for å vere klare, seier Arild Tistel, som er dagleg leiar for Førde Bilberging.

Førebur høgsesongen

Vi står no ved inngangen til det som er høgsesongen for bilbergarane.

– Når hausten kjem, roar sommarsesongen seg litt. Då får vi gjort service på utstyret, men frå midten av september må vi vere klare igjen.

Ved Førde bilberging har dei bilar som passar for dei fleste jobbar. Frå små bilar som kan hjelpe dei som har fått problem i eit parkeringshus, til dei heilt store som kan ta seg av bussar og vogntog som har hamna utfor vegen.

Hektiske dagar

Når vinteren har meldt seg for alvor med kulde og snø blir det gjerne hektiske dagar for bilbergarane. Særleg etter eit snøfall.

– Då kan dagen byrje med nokre utforkøyringar i byggefelta. Ofte må vi og ut til folk med frosne bildører, og så er det dei vanlege motorhavaria, og starthjelpa som er på morgonkvisten, seier Tistel.

– Kor fort kan du og resten av gjengen i Førde Bilberging då vere på plass?

– Det er så forskjellig. Vi har eit distrikt som strekker seg frå Førde sentrum til yttarst i Solund, det vil seie fem timar køyring, seier Tistel.

Ta det roleg

Tistel har eitt råd til alle no når vinteren står for døra.

– Det er rett og slett å ta det litt ekstra forsiktig dei første dagane nå ein køyer på glatta. Det er uvant for oss alle når vi skal ut på første frosten og snøen, den er som regel og litt glattare enn vintersnøen fordi temperaturen gjerne er litt høgare, seier Tistel.