NRK Meny
Normal

No gir ho ut samleplate

Sigrid Moldestad høyrer aldri på sin eigen musikk. Men det vart ho nøydd til i arbeidet med samleplata «Så ta mitt hjerte».

Sigrid Moldestad

OPPSUMMERER KARRIERA: Sigrid Moldestad er aktuell med samleplate som oppsummerer hennar fire soloalbum.

Foto: NRK

I 2007 kom Taus, hennar aller første eiga plate. Sidan har det blitt tre til og no kjem samleplata.

– Av og til er det greitt å stoppe opp og sjå seg tilbake, før ein trakkar vidare på nye stiar, seier Sigrid Moldestad.

– Høyrer aldri på eigne plater

For Moldestad vart arbeidet med samleplata eit gjensyn med eigen musikk.

– Eg høyrer ikkje på mine eigne plater. Så det var ei kjekk og interessant oppleving å setje seg ned å høyre gjennom alt eg har gjort, seier ho.

Men det er meir enn berre ei samleplate. Moldestad nyttar høvet til å presentere materiale som ikkje tidlegare har blitt gitt ut eller spelt inn, mellom anna to julesongar.

Gjennom karrieren som soloartist har ho samarbeidd med mange av dei same musikarane. Det meiner ho har gitt ein heilskap til musikken hennar.

– Eg høyrer det er nokre år sidan 2007 og at eg ubevisst har utvikla meg litt, samstundes som mykje er likt, seier ho.

Gamle songar i ny innpakning

No ventar julekonsertar og turne i Sogn og Fjordane, Hordaland, Møre og Romsdal og Oppland.

– Vi skal gjere til saman tretten konsertar, så det blir hektisk. Men eg elskar å vere på turne og ekstra koseleg er det med jul, seier ho.

Julekonsertane vil innehalde både tradisjonelle låtar, samt hennar eigne. Men alt vil bli pakka inn i eit lydbilete som høyrer høgtida til.

– No har eg med meg både strykekvartett og ein fantastisk gitarist, så det er eit nytt lydbilete og eit utruleg arrangement. Eg har kosa meg sånn på øvingane, no eg gler meg berre til å vise det fram, seier ho.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast