Hopp til innhold

No gir han full guffe for politikken igjen

HYLLESTAD (NRK): Fire år etter at han vart vraka frå fylkespolitikken, er Harry Mowatt (Ap) tilbake i manesjen. No vil han gjere comeback som ordførar i Hyllestad.

Harry Mowatt på veg i bil og i debatt i NRK-studio

MANGE BALLAR I LUFTA: Harry Mowatt på veg i bil og i debatt i NRK-studio. Han er ordførarkandidat i Hyllestad, i tillegg til styreverv i Helse Førde, Musea i Sogn og Fjordane og Sunnfjord Energi.

Foto: Rune Fossum / NRK

Vallogo

– Eg må innrømme at eg har sakna sagmuggen, seier Harry Mowatt.

Den tidlegare Hyllestad-ordføraren har totalt 20 års fartstid i politikken i Sogn og Fjordane. Sist som profilert fylkespolitikar for Arbeidarpartiet.

– Korleis er det å vere tilbake – kjenner du det krible?

– Nei, det kriblar ikkje. Eg har jo vore med på dette før. Men alle valkampar er spennande. Eg kan jo ikkje vite korleis eg blir motteken, seier Mowatt.

Meiner han vart usett for hemnaksjon

Det store spørsmålet framfor valet i Hyllestad er korleis veljarane tar imot den gamle ringreven, som vart vraka frå fylkespolitikken på nominasjonsmøtet framfor valet i 2011.

Veteranen hadde som styremedlem og forkjempar for omstrukturering i Helse Førde hissa på seg mange i sjukehusstriden – som prega Sogn og Fjordane.

– Det var trasig. Saman med Clara Øberg vart eg nok utsett for noko som likna på ein hemnaksjon. Folk var veldig irriterte på grunn av sjukehussaka. Og eg forstår dei politiske prosessane som førte til det – det er slikt som skjer av og til, seier Mowatt.

Han held fram:

– Men eg har ikkje angra på noko av det eg har gjort. Og eg betaler prisen med glede, for det viser seg at den reforma vi gjennomførte har vore vellukka.

– Trur du bråket kan bli brukt mot deg i denne valkampen?

– Nei, det har eg ikkje tru på. Eg er ferdig med det, og det trur eg partiet er også.

Morten Askvik

KLAR FOR KLUBBA: Senterpartiets Morten Askvik er forkjempar for symjebasseng i fleirbrukshallen, samstundes som han helst vil at Hyllestad skal halde fram som eigen kommune. Han vil gjerne bli ordførar.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Viser at politikken i kommunen er interessant

I Hyllestad har Arbeidarpartiet vraka sitjande ordførar Jan Olav Gjerde til fordel for nettopp Mowatt som ordførarkandidat. Kommunen har hatt Arbeidarpartiet og Senterpartiet som ordførarparti dei siste 25 åra.

I år stiller i tillegg berre Høgre og KrF liste. Det ligg an til ein duell mellom Mowatt og Sp-kandidat Morten Askvik.

– At ein person som har vore med så lenge vil komme tilbake, viser at politikken i Hyllestad er interessant. Eg ser det som ei god utfordring, og gler meg til å delta i gode samtalar og debattar, seier han.

– Det kan bli litt temperatur?

– Ja, det er eg sikker på at det kjem til å bli. Men eg trur det er ei vel så stor utfordring for Mowatt, som må komme seg inn i den debatten og temperaturen som er i dag, seier Askvik.

Fryktar kommunesamanslåing kan øydeleggje

Askvik har sjølv éin periode i lokalpolitikken bak seg. Han meiner han er klar for ordførarvervet, der han mellom anna vil kjempe for å få symjebasseng i den planlagde fleirbrukshallen i kommunen.

Det meiner Mowatt fort kan koste meir enn det smakar.

– Det er ei tung sak. Vi må passe på at vi får ei god løysing – men vi kan ikkje få ei løysing vi ikkje kan betale for, seier han.

Men det er ikkje stor usemje som pregar politikken i Hyllestad. Både Arbeidarpartiet og Senterpartiet ser gjerne at Hyllestad skal halde fram som eigen kommune.

– Slik det ser ut no, kan eg ikkje sjå at vi har noko anna val. Gjennomfører vi det opplegget som ligg på bordet, så går det gale med Hyllestad. Det er ikkje tvil om det, seier Ap-veteranen.

– Ergo vil du helst stå åleine?

– Ja, sjølv om det blir vanskeleg, og kan bli ein veldig stor kamp – så er det betre at vi tar den kampen enn at vi legg oss på rygg og nærmast blir utradert.

Jan Olav Gjerde

VRAKA: Sitjande ordførar Jan Olav Gjerde vart vraka av Arbeidarpartiet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vil vere engasjert så lenge eg pustar

Morten Askvik meiner ein ikkje veit nok om konsekvensane av eventuell kommunesamanslåing. Han er først og fremst oppteken av at tenestene for innbyggjarane må vere best mogleg.

– Har det sitjande regimet gjort god nok jobb?

– Det er vanskeleg å seie kva som er godt nok. Eg kan iallfall love at jobben blir mykje meir synleg framover. Folk må få sjå at det skjer mykje positivt, seier han.

Læraren meiner det er på tide med skifte i ordførarstolen. Og det blir det uansett. Spørsmålet er om det er duka for comeback av same mann som var ordførar i kommunen frå 1995 til 2007.

– Eg er meir svolten enn nokon gong. Engasjement har ingenting med alder å gjere, seier Harry Mowatt.

– For du er engasjert....?

– Sjølvsagt. Det vil eg vere så lenge eg pustar.