Hopp til innhold

No går sesongkorta unna!

Salet av sesonkort og kampbillettar på Fosshaugane Campus har nærast eksplodert etter at Sogndal vann 4-0 borte mot Odd Grenland søndag.

Geir Inge Heggestad

HÅPAR PÅ 4000 PÅ FOSSHAUGANE: Arrangementsjef Geir Inge Heggestad.

Foto: Arve Uglum / NRK

Arrangementsjef Geir Inge Heggestad kan gni seg i hendene over fylgjene av det som kom som ei bombe på fotballekspertane i riksmedia.

– Vi kan stå på barrikadane og selje sesongkort heile vinteren, men det er sportslege resultat som verkar best. Det er første gongen vi slår Odd i Skien, og det som skjedde i går er heilt ubetaleleg.

Heggestad har fått ei lang rekkje tekstmeldingar frå heile fotball-Norge etter serieopninga.

– Det er faktisk på høgde med det vi opplevde etter sigeren over Brann i fjor, men då handla det mykje om Carl Erik Torp og hjartestansen hans. No er det tydeleg at det er mange som set pris på at vi slo til mot Odd. Men det er no vi skal leve opp til forventningane.

(Artikkelen held fram under biletet).

Sogndal - Odd Grenland

'UBESKRIVELEG KAMP': Ulrik Flo (t.v.) i duell med Frode Johnsen.

Foto: Trond Reidar Teigen / SCANPIX

– Håpar dei har fått noko å tygge på

Andreas Hollekve er banearbeidar på Fosshaugane og trugen supporter. Han meiner fotballekspertane i media bør revurdere dommen dei kom med før seriestart: Så godt som alle, inkludert Bergens Tidende, plasserte Sogndal på jumboplassen.

– Eg håpar dei har fått noko å tygge på. Det var ikkje berre det at Sogndal vann 4-0, det var måten dei vann på, det var heilt enormt.

Ventar 4000 på Fosshaugane Campus

Og no håpar både han og Heggestad på storinnrykk når Hønefoss kjem til Fosshaugane Campus komande søndag.

– Vi har sett oss som mål at vi skal få 4000 på tribunene på palmesøndag. Her bør alle ta med seg godt med kle, så skal vi syte for ei oppleving som vi håpar betyr noko for alle, seier arrangementsjefen.

(Artikkelen held fram under biletet).

Ørjan Hopen og Henrik Furebotn

DEI SLO TIL: Både Ørjan Hopen og Henrik Furebotn fekk målkjenning i serieopninga.

Foto: Yttri, Tor / Scanpix

– Ubeskriveleg kamp

Ein som langt frå er overraska over resultatet i Skien er Sogndal-kaptein Henrik Furebotn.

– Vi var fullt på høgde med Molde og Strømsgodset i treningskampane, vi veit at vi er eit godt fotballag når vi får til spelet vårt, då er vi på høgde med dei fleste. Og det er ekstra kjekt å slå til når vi har fått høyrt frå alle kantar at vi kjem til å rykkje ned og at Odd Grenland ville få ein lett match.

– Det var ein ubeskriveleg kamp, det var utruleg artig å spele, vi fekk fram alt vi har trena på, det var fantastisk innsats av alle.

– Kva var suksessformelen?

– Vi greidde å presse Odd høgt, vinne ballen og halde på den, så skapte vi kombinasjonar med Tonny Brochmann Christensen og Ørjan Hopen på kantane, og alle jobba for kvarandre.

Trenaren tek ikkje av

No er det skapt store forventningar framfor årets første seriekamp på heimebane - mot Hønefoss. Men om supporterane svevar litt etter serieopninga, så er det ein trenar som heiter Jonas Olsson som har beina trygt planta på graset. Trass i 4-0 mot Odd Grenland trur han framleis Sogndal må kjempe for å overleve i eliteseien.