Hopp til innhold

No går ho til kamp for frivilligsentralane

Frivilligsentralar landet rundt fryktar for framtida. Driftsmidlane dei før har fått overført direkte er no tenkt gitt til kommunane. Med slukne kommunekasser er det ikkje sikkert pengane når fram til sentralane.

Sonja Øvre-Flo

LANDSMØTE: Sonja Øvre-Flo tok opp si uro for Frivilligsentralane då ho talte til Høgre sitt landsmøte.

Foto: Ingvar Torsvik Myrvollen

– Eg er veldig redd at viss dette blir overført til kommunane, så kan det lett bli ein salderingspost, seier Sonja Øvre-Flo, fylkestingspolitikar for Høgre.

Som ein av Sogn og Fjordane Høgre sine utsendingar på landsmøtet tok ho opp problemstillinga frå talarstolen. Bakgrunnen er at Stortinget i samband med kommunereforma har slutta seg til at tilskotet til frivilligsentralane bør overførast til kommunane. No jobbar Øvre-Flo for å få fleirtalet på Stortinget til å snu.

– Frivilligsentralane er ikkje noko lovpålagt oppgåve, og blir midlane overført til kommunane er det enkelt å bruke midlane til andre ting om kommunane har stram økonomi, seier Øvre-Flo frå Stryn.

Men frå neste år vil Stortinget altså at det er kommunane som skal få overført tilskotet til frivilligsentralane.

– Eg er svært uroa

Marit Botn Lefdal er leiar for Eid Frivilligsentral og sit i styret for Landsorganisasjonen for frivilligsentralar. Ho seier dei er ei uro landet over for at pengane ikkje skal nå fram.

– Det er ikkje likt i alle kommunar, men vi veit ikkje. Det er stramme tider, seier ho.

Ho seier det blir jobba aktivt opp mot det politiske miljøet for å få dei til å snu.

– Eg er svært uroa, konstaterer ho.

Fryktar dei kjem i siste rekke

Ved Stryn frivilligsentral har også leiar Marit Sandnes Skrede merka seg uroa for framtidig finansiering. For eigen del kjenner ho seg relativt trygg på at kommunen vil halde oppe overføringane, men i tronge økonomiske tider blir det usikkert for mange.

– I dei 24 åra det har vore frivilligsentralar har alle fått tilskot frå departementet. Det sikrar sentralane ei minimumsinntekt, slik at ein kan halde drifta gåande år etter år.
Dersom desse pengane skal gå over kommunane, vil det vere usikkert for mange om dei kan halde oppe drifta, seier ho.

– Trur du ikkje at kommunane der frivilligsentralane ligg vil sjå at arbeidet de gjer er så viktig at dei vil halde fram å gje dykk pengane de før fekk direkte?

– Det trur eg absolutt. Men alle veit at kommunane har ein pressa økonomisk situasjon. Å drifte ein frivilligsentral er ikkje lovpålagt, og i nokon tilfelle prioriterer ein vekk det som ikkje er lovpålagt, seier ho.

Sonja Øvre-Flo (H) seier saka skal opp i Stortinget igjen i mai. Fram mot det håpar ho å få fleirtalet med seg på å halde på dagens ordning.

– Skulle midlane bli overført til kommunane, ber eg om at dei blir øyremerka, seier Flo.