Hopp til innhold

No går han for samanslåing

Rektor Rasmus Stokke ved Høgskulen i Sogn og Fjordane går for ei samanslåing av vestlandshøgskulane.

Rasmus Stokke vert ny rektor

VESTLANDSHØGSKULE: Rasmus Stokke er rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Foto: Pressefoto

– Eg er nøgd med den avtalen vi har forhandla oss fram til, og eg har gitt mi tilråding til styret om at vi skal seie ja til den avtalen, seier Stokke.

Torsdag ettermiddag la forhandlingsutvalet fram sitt forslag til fusjonsavtale mellom Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane. I neste veke skal høgskulestyra ta stilling til avtalen.

– Vi har hatt ein grundig prosess det siste halve året. I forhandlingane har vi i stor grad fått gjennomslag for dei momenta og punkta vi ynskte få gjennomslag for, og det er bakgrunnen for at eg gir ei positiv tilråding til styret, seier Stokke.

Geografisk balanse

Då det førebelse avtaleutkastet for fusjonen vart handsama på styremøtet den 12. mai, kom det sterke reaksjonar frå høgskulemiljøet i Sogndal som var redde for at høgskulen skulle mista innverknad, fordi plattforma ikkje avklara kvar mesteparten av sjefane skulle sitja.

– Det har kome inn eit punkt i avtalen om at Høgskulen på Vestlandet skal jobbe med balanse med omsyn til geografi når det gjeld rekruttering til leiar og nestleiarstillingane. Dette punktet er kome inn som direkte resultat av innspela frå styret.

Gjennomslag for ny avdeling

Hovuddelen av ein eventuell vestlandshøgskule vil vera dei tre yrkesutdanningane for lærarar, sjukepleiarar og ingeniørar. Men ved høgskulecampusen i Sogndal er det i tillegg mange fag som ikkje sorterer under desse tre, som geologi, fornybar energi, økonomi og administrasjon, historie og sosiologi.

Frå høgskulen i Sogn og Fjordane har det vore eit krav at det skulle opprettast ei fjerde avdeling for desse faga i ein samanslegen høgskule.

– Dette har også blitt positivt motteke av dei to andre partane. Vi har fått inn eit punkt i avtalen om at det spesielt skal vurderast korleis desse disiplinmiljøa best kan vidareutviklast og styrke den faglege profilen til høgskulen, seier Stokke.

Sikrar lærarutdanninga

– Eg tykkjer lærarutdanninga er noko av det som er positivt ved avtalen, og eit døme på meirverdi ved ei samanslåing, seier Stokke.

Han seier at lærarutdanninga er truga på grunn av stadig strengare krav på grunn av omlegginga til masterutdanning.

– I plattforma for avtalen med dei andre institusjonane så er det lagt inn at lærarutdanninga skal styrkast og utvidast i forhold til dei lærarutdanningane vi har i dag.

Ikkje plankekøyring

9. juni skal høgskulestyret ta stilling til framlegget til fusjonsavtale. Men i Sogn har sjølvstendetanken stått sterkt, og signala frå studentane har vore tydlege på at dei ynsker at Høgskulen i Sogn og Fjordane skal halde fram som sjølvstendig høgskule

– Det er nok ikkje plankekøyring i høgskulestyret, og det er lett å forstå studentane sine argument. Dei er svært glade i høgskulen, og vi har ein høgskule som går godt med god kvalitet på studia. Men i dette ligg det også ein tanke om korleis høgskulen skal kunne utvikle seg i framtida. Spørsmålet er om vi vil klare dette betre om vi går inn i ein ny høgskule som vi er med å bygge opp sjølve, seier Stokke.