Hopp til innhold

No går det framover på austsida av Filefjell

Brukar du E16 over Filefjell for å kome deg raskt mellom Austlandet og Vestlandet? Då har Statens vegvesen ei gladmelding til deg.

Vegarbeid på nye E16 over Filefjell, dette blir utsikta ut frå Rødølstunnelen på veg austover

SLIK BLIR UTSIKTA: Når du ein gong i 2018 køyrer austover over Filefjell, blir dette utsikta når du kjem ut av den nye Rødølstunnelen. Som ein ser på bilete har entreprenøren no greve seg fram til fjellpartiet der dei skal bore seg innover.

Foto: Statens vegvesen

På strekninga mellom Øye og Eidsbru i Vang kommune er nemleg entreprenøren i god gang med å ta inn att tida dei tapte tidlegare i vinter.

Der møtte den austerrikske entreprenøren Strabag før jul på eit vanskeleg fjellparti medan dei jobba seg innover i den nye Rødølstunnelen. Like under Kongevegen sin trasé oppdaga tunnelarbeidarane ei fjellkløft som var fylt opp med lausmassar av sand, grus og stein. Denne låg tett ned til tunneltaket.

– Tunnelarbeidet har gått saktare enn både vi og byggherre hadde sett for oss, mellom anna grunna utfordrande geologi, seier prosjektleiar Wolfgang Mysliwietz i Strabag.

Omfattande arbeid med støyping og bolting

For å sikre at tunnelen blir trygg måtte entreprenøren til med eit omfattande arbeid med å støype fast lausmassane som vart oppdaga. I tillegg vart det bora inn tett i tett med boltar som går nesten 13 meter inn i fjellet.

– Vi hadde eit godt samarbeid med byggherre og ekstern geolog som tok tredjepartskontroll. Eg er stolt over at vi kom gjennom den vanskelege sona utan uønskte hendingar, seier Mysliwietz ifølgje ei oppdatering på Vegvesenet sine nettsider.

Utbetringa av det sterkt trafikkerte aust-vest-sambandet har gått over fleire år, og allereie i 2014 opna 11 kilometer med ny veg mellom Borlaug og Smedalsosen.

Vegarbeid på nye E16 Filefjell, dette er ved det austre påhogget til nye Rødølstunnelen

BORING: Underentrepenør Fosse Maskin frå Vik i Sogn har vore med på å grave ut rundt 60.000 kubikkmeter med morenemassar på austsida av Rødølstunnelen.

Foto: Statens vegvesen

No skal tunnelarbeidet gå fortare

Strekninga mellom Øye og Eidsbru er den austlegaste biten på E16 Filefjell. Det er snakk om vel fire kilometer, der to av dei skal gå gjennom tunnelen som får namnet Rødølstunnelen. Prosjektet er kostnadsrekna til nesten 700 millionar kroner og skal etter planen stå klart ein gong neste år.

Etter problema rundt jul har arbeidarane sakte, men sikkert jobba seg nesten 350 meter inn i fjellet frå Eidsbru-sida. No er dei snart klare til å begynne å sprenge seg innover også frå den andre sida.

– Vi har no jobba oss fram til austre påhogg til tunnelen, og der vil vi starte tunneldrivinga i mai eller juni, slik at vi får drift frå begge ender. Då vil vi kunne ta igjen ein del av forseinkingane på tunnelen, seier prosjektleiaren i Strabag.

På Eidsbru er også den 210 meter lange brua Strondefjordbrune byrja ta form. Byggjeleiar Stein Henry Øvstetun i Statens vegvesen gler seg over å sjå framdrifta.

– No ser vi fram til å få tunneldriving også frå austsida av Rødølstunnelen, slik at tunnelarbeidet kan gå kjappare.

Stein Henry Øvstetun i Statens vegvesen og Wolfgang Mysliwietz frå entrepnørfirmaet Strabag

BLIDE KARAR: Stein Henry Øvstetun i Statens vegvesen og prosjektleiar Wolfgang Mysliwietz i Strabag.

Foto: Statens vegvesen