NRK Meny
Normal

No forhandlar dei fram det nye Vestlandet

Dei tre fylkeskommunane sit no og knivar om korleis den nye vestlandsregionen skal sjå ut, og kva som skal ligge kor. I løpet av morgondagen skal dei vere samde om det som skal erstatte dagens fylke.

Delegasjonen frå Sogn og Fjordane

FJORDDELEGASJONEN: desse fire representerer Sogn og Fjordane i forhandlingane. Hordaland og Rogaland er folketalet på si side, og det ligg an til krevjande forhandlingar om ressursar og arbeidsplassar

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dagens fylkeskommune er allereie i ferd med å smuldre opp, og miste oppgåver. Vi har ikkje noko anna val enn å skape eit nytt, regionalt nivå. Det sa fylkesordførar Jenny Følling på veg inn i forhandlingane med dei to andre vestlandsfylka.

Bakgrunnen for det heile er at Stortinget har vedteke at dei vil ha om lag ti regionar. Tre av dagens vestlandsfylke sit no altså samla for å prøve å bli samde om korleis dei kan gå inn i ein slik region. Møre og Romsdal har ikkje lyst til å vere med, men vil halde fram åleine.

Les også: Ein vestlandsregionen kan vera klar før jul

På Sunnfjord Hotell i Førde er fylkesordførarar og fylkesrådmenn samla i to dagar, og det store stridsspørsmålet er kva som skal liggje kor.

Kart over vestlandsregionen

TREKLØVER: berre dei tre sørlegaste fylka på Vestlandet er interesserte i regionreforma. Slik vil dermed den nye regionen sjå ut om Møre og Romsdal held fram med å ville stå åleine.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Bergen blir senter

Dei ulike fylka ser ut til å ha vorte samde om at sjølve regionsenteret skal liggje i Bergen. Her ser ein føre seg at den politiske leiinga og toppleiinga i regionadministrasjonen vert plassert.

Les også: Startar sololøp om regionreform

– Om ein ser på kartet er det ingen tvil om Bergen ligg midt i, og vi ser at det er naturleg at senteret ligg der, sa fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal.

Men semja stogga der. Rogaland krev å få nesten alt anna, til dømes dei ulike fagmiljøa knytt til den regionen sine oppgåver.

Møtelyden i regionforhandlingane i Førde

VELVILJE: møtelyden har gitt uttrykk for at det er stor vilje for å bli samde om eit resultat, så alt skulle liggje til rette for at den nye vestlandsregionen byrjar å ta form i løpet av desse to dagane som forhandlingane held på.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kamp om ressursar og arbeidsplassar

I denne situasjonen er det ikkje mykje att til Sogn og Fjordane, og det legg heller ikkje dei to andre fylka opp til. Fylkesordførar i fjordfylket, Jenny Følling, la fram eit krav om å få alt som har med samferdsle og kultur å gjere, men det er slettes ikkje sikkert at dette kravet blir innfridd.

Rogaland vil nemleg også ha begge desse, og Hordaland har varsla at dei vil ha ein stor bit av samferdslebyråkratiet, nemleg alt som har med kollektivtransport å gjere.

– Vi har heile vegen vore oppteken av at vi får ein desentralisert modell, og at alle får ein bit av den kaka som no skal fordelast, sa Følling.

Om både Hordaland og Rogaland får viljen si kan ho måtte ta til takke med eit ganske lite kakestykke.

Uansett ser alle tre fylka ut til å vere svært villige til å gjere seg ferdige med forhandlingane, og faktisk ta neste steg mot ein ny vestlandsregion. Mykje tyder difor på at vi i morgon veit meir om korleis ein slik region kjem til å sjå ut.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.