Hopp til innhold

No fokuserer Mistur på oppfølgjaren

Støyfestivalen i Kaupanger vart Mistur sin siste for året. No blir alt fokus retta mot deira første album på over tre år.

Støyfestivalen på Kaupanger/Sogndal

SJÅ: Glimt frå Mistur sin konsert fredag, og intervju med festivalsjef Lasse Bødal. (Foto/redigering: Christian Blom)

Kring 150 betalande var fredag innom Mistur sin siste opptreden på ei god stund.

No går sognabandet svangre med oppfølgaren til albumet «Attende» som kom i august 2009.

– Vi er snart klare med nytt album, så no blir det fullt fokus på å produsere plate, seier Espen Bakketeig.

– Fin avslutning

Bandet debuterte i 2005 med demoen «Skoddefjell». Den melodiøse svartmetallen vakte oppsikt og kritikarane rosa plata med berre fire spor. Omtalen gjorde utslag i fleire spelejobbar. Mellom anna har dei delt scene med Mayhem.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mistur gjorde sin siste konsert før plateinnspeling.

AVRUNDA: Mistur tek ein pause frå spelejobbane for å konsentrere seg fullt og heilt om å deira andre fullverdige album.

Foto: Christian Blom

Fjoråret vart eit hendelsesrikt år, med Ragnarok Festival i Tyskland og Europaturne med Vreid. Overgangen frå fulle salar i Paris, Wien og Zürich til kring 150 «heimepublikumarar» i ungdomshuset Skogly var stor.

– No gjorde vi Bergen, Haugesund og John Dee i Oslo på to helgar, så då passa det fint å avslutte heime. For det blir ikkje noko meir speling no før plata blir sleppt på nyåret, seier Bakketeig.

Mellom 50 og 100

Støyfestivalen er ein festival som dekkjer stort sett alle sjangrar innan musikk. I tillegg lokka arrangørane med bil- og MC-utstilling og hesteskokasting.

Laurdagen vart avrunda med konsertar i Skogly. I alt 15 namn stod på festivalplakaten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mistur

ROCKA: Kring 150 publikumarar tok turen for å sjå Mistur spele sin siste konsert for ei stund.

Foto: Christian Blom

– Intensjonen var bra, men det var diverre ikkje mange som kom på laurdagen. Mellom 80 og 100 ein stad. Men dei som kom virka veldig nøgde, og det vart nok liv på kvelden. Moro var det også for oss som stod på scena, seier Bakketeig.

Over 100 kvar dag

Mistur

NØGDE: Fredagskvelden vart god både for musikarane og publikumarane.

Foto: Christian Blom

Arrangørane budsjetterte med godt over 100 betalande både fredag og laurdag for å komme i hamn økonomisk. Men laurdagen vart ikkje fullt så bra som fredagen. Skogly kan ta kring 350 gjester.

– Kvifor trur du folk svikta?

– Sei det. Det var ikkje så mykje anna som skjedde her denne helga, men vi veit det er mange som skal på Vårslepp neste helg. Kanskje det var mange som sparte seg til det, seier Bakketeig.