Hopp til innhold

No flyttar dei ungdommane

Tre asylmottak blir lagt ned denne månaden. Avdelinga for einslege mindreårige i Førde skal tømmast i morgon, og ungdommane synest det er trist.

Raees, Razagul og Hayrau

BLIR SPREIDD: Raees, Razagul og Hayrau prøver å hygga seg saman før ungdommane blir spreidd omkring på Vestlandet.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

– Eg er ikkje glad, for eg har mange venner her. Eg vil vera her i Førde, seier Razagul.

Razagul har vore i Norge i eit og eit halvt år, og det siste året har han budd i Førde. På torsdag skal han flytta til Litlabø på Stord.

– Nokre få vil flytta til andre plassar, men alle er glade i Førde.

Ved sida av Razagul sit Raees, han fortel at han vil sakna venner og tilsette på avdelinga for einslege mindreårige.

– Me får ikkje med oss vennene våre på dei nye mottaka, seier Raees.

Ramzan blir også skilt frå vennene sine, men han skal over på vaksenmottaket, og blir derfor verande i Førde.

– UDI har bestemt seg for at eg er 18, og ikkje 17 år gammal. No som alle andre flyttar, føler eg meg veldig aleine.

Ramzan

BLIR IGJEN: Ramzan får bli i Førde, men det blir utan vennene sine.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Tøft for dei unge

Nyonga Amundsen

VAR LABER STEMNING: Nyonga Amundsen fortel at det var laber stemning på avdelinga då ungdommane fekk vita om nedlegginga.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

– Det har vore litt laber stemning, men ungdommane har kome seg etter at dei fekk vita kor dei skal. Dei forsøker å halda motet oppe, seier Nyonga Amundsen som er leiar på avdelinga for einslege mindreårige.

Fem ungdommar har allereie blitt flytta, og no er det 21 igjen.

– Bebuarane skal vidare til Stord, Skei i Jølster og til mottak i Rogaland, fortel Andrew Hawkes som er mottaksleiar i Førde.

Han trur at flytteprosessar kan vera særleg vanskelege for unge asylsøkarar, men at det vil gå seg til.

Andrew Hawks

KAN VERA VANSKELEG: Mottaksleiar Andrew Hawkes trur slike flytteprosessar kan vera spesielt vanskeleg for dei unge asylsøkarane.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

– No har ungdommane fått god tid til å fordøya nedleggings-meldinga.

Ungdommane på mottaket i Sørbøvåg har også vore lei seg. Ronja Trolie er regionleiar for Norsk Mottaksdrift, og ho fortel at ungdommane har følt seg trygge på mottaket. Foreløpig går drifta som normalt, men bebuarane skal flytta i midten av månaden.

Mottaket i Stryn legg også ned denne månaden. No er det 80 bebuarar igjen, fortel Ingrid Gjerløw, som er mottaksleiar.

– Fleire blir sendt vekk denne veka.

SAMLA PÅ MOTTAKET

SAMLA ENN SÅ LENGE: No skal denne gjengen splittast opp.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Bekymra ungdommar

Fleire av ungdommane i Førde er bekymra for korleis språkopplæringa blir etter at dei flyttar.

– Der eg flyttar lærer ein bokmål, men eg vil helst læra nynorsk, seier Muhammed, som skal til Hå i Rogaland.

Men ungdommane har også meir alvorlege bekymringar.

Sofa på mottak i Førde

TOMME SOFAAR: Sofaane på avdelinga for einslege mindreårige i Førde står snart tomme.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Ein av ungdommane fortel at han ikkje har fått sove den siste natta. Han har bekymra seg over framtida, og slit med å halda tilbake tårene når han fortel om det.

– Dei fleste av oss har berre fått opphald i eit år. UDI seier: når de blir 18, skal de bli sendt tilbake til Afghanistan, fortel Ramzan.

Razagul, som følger med på nyheitene frå Afghanistan kvar dag, har også fått opphald i eit år.

– Eg tenker ofte på kva som kan skje når eg må tilbake til Afghanistan. Eg har mista familien min, så kvifor skal eg reisa dit?

Majid, Hayrau og Razagul

BLIR TRIST: Dei fleste ungdommane gruar seg til å flytta.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK