Hopp til innhold

Endeleg får Unni realisert sin gamle draum

OSLO (NRK): Ho har gjeve ut fleire plater sjølv, og bidrege på nokon av dei flottaste musikkproduksjonane i landet. No får Unni Løvlid frå Hornindal endeleg oppfylt sin gamle draum.

Unni Løvlid i Oslo

GLER SEG: Unni Løvlid skal fylle scena med songarkollegaer frå fleire land til sommaren.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Til sommaren kjem ho saman med fire av dei beste kvinnelege folkesongarane i verda til Førde internasjonale folkemusikkfestival. Sjølv kallar ho det eit draumeprosjekt som endeleg blir til røyndom.

– Det er rett og slett det å samle fem av dei største folkesongarane i Europa og lage eit prosjekt der vi kan lage musikk i lag. Alle desse musikarane er vande med sin eigen, trygge tradisjon. Så det eg ønskjer å gjere er å smelte oss i hop og lage ny musikk, slik at publikum ikkje tenkjer på at vi kjem frå ulike land. At publikum opplever oss som ei eining. Dette gler eg meg noko vanvitig til.

NRK møter Unni Løvlid i Oslo, byen ho har gjort til sin eigen, byen der ho tok utdanninga si og møter andre med same lidenskapen for den tradisjonsberande musikken. Men til heimfylket vil ho, og no tek ho med seg kollegaer frå fleire land.

Skal smelte i hop musikalsk

– Eg har i mange år jobba med komponistar som kjem og vitjar meg frå andre land, og det dei ofte gjer er at dei tek små bitar frå den tradisjonen eg kjem frå. Så tek dei det inn i ein annan samanheng, eller skriv ny musikk. Det eg har lyst er å bruke desse musikarane som verkeleg eig desse stiltrekka, og at vi sjølve smeltar dette i hop. Det er eg veldig spent på om vi får til.

– Du får dette til høyrest så lett ut. Er det så enkelt?

– Nei, det er vanskeleg. Det avgjerande er at vi likar kvarandre, og at vi går godt i hop i sosialt. Ingen som briljerer eller berre viser seg fram, men at ein lyttar på kvarandre. Utfordringa ligg i å få alle trygge, seier Løvlid.

Vil gje ei rein musikkoppleving

Saman med den kjende dirigenten Grete Pedersen, skal ho no bruke vinter- og vårdagane til å førebu prosjektet, der ho skal synge saman med Annie Ebrel frå Frankrike, Julie Fowlis frå Skottland, Gergana Dimitrova frå Bulgaria og Ulla Pirttijärvi frå Finland. Håkon Thelin er med på kontrabass.

– Så har vi då epostkontakt med utøvarane. Vi har jo ikkje økonomi til å reise mellom alle landa. Eg håpar publikum får ei rein musikkoppleving, at dei kjem inn i rommet og høyrer noko dei aldri har høyrt før, så går dei ut att og tenkjer at dette var eit godt rom å vere i.

  • Høyr frå Unni Løvlid på Spotify: