Hopp til innhold

No får Sogn og Fjordane sitt eige barnehus

Dei mest sårbare barna skal snart få sleppe å reise i timevis for å fortelje om vald og overgrep. I løpet av hausten er håpet at barnehuset i Sogn og Fjordane kan opne dørene.

Barnehuset i Bergen

BYGGJER OPP NY AVDELING: Per i dag er det elleve barnehus i Sogn og Fjordane. Frå hausten av får Sogn og Fjordane ei eiga avdeling.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Linda Åmelfot

GOD NYHEIT: – Dette vil føre til vesentleg mindre belastning for barna, seier Linda Åmelfot som er familievaldskoordinator i politiet i Sogn og Fjordane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er veldig viktig at barna kan få hjelp der dei bur. Dette er ei veldig god nyheit for alle dei sårbare barna i fylket vårt, seier Linda Åmelfot som er familievaldskoordinator i politiet i Sogn og Fjordane.

Ho har i mange år jobba med barn som blir utsette for eller blir vitne til vald og overgrep. Når desse barna skal fortelje om opplevingane må dei i dag reise til anten Bergen eller Ålesund, der det i dag finst såkalla barnehus.

For mange har den lange reisa blitt ei ekstra belastning.

– Det er mange år sidan vi gjekk ut i media og bad politikarane kome på bana for dette tilbodet. Det har vore ein kamp, og vi er veldig glade for at det no kjem på plass, seier Åmelfot.

– Avhøyr har blitt prega av lang reiseveg

Kommunane, KS, fylkeskommunen, politiet, Helse Førde, Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevakt og Statens barnehus i Bergen er blant aktørane som har engasjert seg i arbeidet med å få på plass eit eige barnehus i Sogn og Fjordane.

Smilande Frida Melvær

BLIR PREGA AV REISEVEG: Stortingsrepresentant Frida Melvær seier det er avgjerande å få på plass eit lokalt apparat som kan ta godt vare på barn som er utsette for vald og overgrep.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Alle har vore samde om at det er nødvendig med ei betre løysing for å sikre at avhøyr og rettsmedisinske undersøkingar av overgrepsutsette barn kan skje i heimfylket.

Då statsbudsjettet vart klart i haust låg det inn ei løyving på to millionar kroner til å opprette ei eiga avdeling i fylket. I dag kunne justisminister Per-Willy Amundsen gje endå fleire gode nyheiter til blant anna stortingsrepresentant Frida Melvær (H). I morgon gir han politiet signal om å starte prosessen med å etablere avdelinga i fylket.

– Ein har opplevd at oppfølginga av barna blir prega av den lange reisevegen. Barna kan bli trøytte eller bilsjuke og det påverkar avhøyra, seier Melvær.

– Ein siger for barna

Tore Storehaug

EIN SIGER FOR BARNA: Meiner stortingsrepresentant Tore Storehaug frå KrF.

Foto: Randi Indrebø / NRK

Planen er at barnehuset skal etablerast i lokale på legevakta ved Førde sentralsjukehus, og målet er at det kan opne i løpet av hausten.

Stortingsrepresentant Tore Storehaug (KrF) meiner det er ein siger for heile fylket at politikarane og andre aktørar har klart å vinne fram ved å jobbe på lag.

– Det er ei glede for alle oss. Men først og fremst er det ein siger for barna som slepp krevjande reiser for å ta del i prosessar som i utgangspunktet er krevjande.

Også KS-leiar Harald Offerdal er svært glad.

– Barn og unge i Sogn og Fjordane har rett til den same rettstryggleiken som andre barn, utan større belastning enn andre. Lange reiser til barnehus utanfor fylket skapar unødig uro og meirbelastning i ein allereie sterkt belastande situasjon for ei sårbar gruppe.