Hopp til innhold

No får Sogn eiga UP-patrulje - og fylket får fleire politistillingar

Sogn og Fjordane politidistrikt får seks nye politistillingar, samt fire nye stillingar i Utrykningspolitiet.

Up-patrulje

SYNLEG: Med tre UP-patruljer i Sogn og Fjordane vert politiet endå meir synlege på vegane.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Det kjem fram i rammene for å drive politiet i 2016.

– Dette er ei monaleg styrking av polititenestene i Sogn og Fjordane, og noko vi er svært glade for, seier administrasjonssjef for Vest politidistrikt, Trond Arne Aglen.

Med ti nye stillingar får Sogn og Fjordane nesten det doble av kva dei før har pleidd å få.

– Dei seks nye operative politistillingane er fordelt med to stillingar til kvar av dei geografiske driftseiningane våre, seier Aglen.

Deler likt mellom regionane

Dermed går to stillingar til Sogn, to til Sunnfjord og to til Nordfjord.

– Det blir ein auke i kvar region. Det blir opp til kvar regionlensmann å bestemme kva kontor dei skal til, og kva funksjon dei skal ha, seier Aglen.

– Men er det hundre prosent sikkert at desse stillingane ser dagens lys?

– Det vert opp til fylket og distriktet å finne pengar. Men dette er øyremerkte midlar, så stillingane kjem fullfinansiert. Det er ingen grunn til at vi ikkje skal kunne tilsetje i desse stillingane, seier Aglen, som håpar tilsetjingane kan skje raskt.

Får etterlengta UP

Per i dag har Sogn og Fjordane to UP-patruljar. Ei har vore fast stasjonert i Sunnfjord, og den andre har veksla mellom Sogn og Nordfjord. Med den nye tildelinga får kvart futedømme si patrulje.

– Det er UP-sjefen i region Vest som skal avgjere dette, men eg har vore i dialog med han, og han gir inntrykk av at han vil ha ei fast UP-patrulje i region Sogn, som i dag står utan patrulje.

– Det gir ei monaleg styrke av beredskapen og tilgangen til politiressursar i fylket, så det er svært gledeleg, seier Aglen.

I tillegg skal ei sivil UP-patrulje jobbe med etterretning knytt opp til mobile vinningskriminelle, og elles som sivil spaningspatrulje i heile Sogn og Fjordane.

Treng alle dei kan få

Lensmann i Førde og Naustdal, Magne Faleide, er glad for at fylket får tildelt fleire ressursar.

– Vi har bruk for alle vi får. Vi vil nok setje desse stillingane inn mot etterforsking og vakt og beredskap framover, seier Faleide, og legg til at dette vert avgjort i løpet av kort tid.

– Det er viktig at vi får politifolk ut i distriktet. Eg håpar det held fram på denne måten, og at vi får tildelt enno fleire stillingar, seier Faleide.

Han er også klar på at ei styrking av UP er viktig for trafikktryggleiken.

– Dei er ei viktig brikke med tanke på alt det trafikkarbeidet som må gjerast i Sogn og Fjordane, seier Faleide.