Hopp til innhold

Her går dei frå 0 til 4G før jul

Strand og Hersvik i Solund går no frå 0 til 4G. Det skjer i samband med den storstila utbygginga av det nye raske mobilnettet i Sogn og Fjordane.

Mobildekning
Foto: Rune Kjær Valberg/NRK

– Det er godt at når desse plassane endeleg får mobildekning, så blir det med den nyaste teknologien. Det seier Ole Gunnar Krakhellen, som er ordførar i Solund.

Sjølv bur han på ein stad i kommunen der dekninga framleis er så varierande at det ikkje er noko aktuell problemstilling å skulle kvitte seg med fasttelefonen.

– Nei, det er godt ha ein telefon der ein kan føre ein samtale utan å vere redd for å miste sambandet før ein er ferdig. Med mobilen så er ein låst til å vere i den del av huset der dekninga blir sterkast.

Storstila 4G-utbygging

Dekningsdirektør Bjørn Amundsen

LOVAR STORSTILA UTBYGGING: Bjørn Amundsen er dekningsdirektør i Telenor.

Foto: Kjell Are Guttorm / NRK

– Vi er no godt i gang med fleire byar og tettstader. I løpet av dei ni neste månadane står vi overfor den største utbygginga av 4G som vi har i Sogn og Fjordane. Det seier Bjørn Amundsen som er dekningsdirektør i Telenor.

Telenor held fram utbygginga på dei større stadane som Førde, Flora og Sogndal. Men også mindre stader får no ta del det nye raske mobilnettet. Mellom anna Strand og Hersvik i Solund, som får mobildekning for første gong.

– Grunnen til det er at alt vi no bygger, bygger vi med tanke på framtida. Vi bygger med 4G frå dag ein. Då får du slike tilfelle som i Solund og Briksdalen i Stryn som får 4G lenge før næraste tettstad.

Amundsen seier at kring 15 nye stadar får tilgang til det nye raske mobilnettet før jul, og om lag like mange neste år.

Betyr mykje

I Solund er ordføraren oppteken av kor viktig god mobildekning er for å kunne halde oppe ein desentralisert busetnad.

Ole Gunnar Krakhellen

FRAMTIDSRETTA: Ordførar i Solund, Ole Gunnar Krakhellen er glad for at to stader i kommunen no får 4G-dekning.

Foto: Vidar Gudvangen/MMS-foto / NRK

Vi har gjort mykje arbeid for å betre mobildekninga. Forhåpentlegvis har storparten av innbyggarane god mobildekning innan få år.

I Telenor vil dekningsdirektøren vere forsiktig med å love noko om å når alle i Sogn og Fjordane har fått tilgang til den nye 4G-nettet.

– Når det gjeld all fast busetnad i fylket, så torer eg ikkje sette noko fast dato for det. Men dei aller fleste som i dag har GSM-dekning kjem til å ha 4G-dekning om fire til fem år.