NRK Meny
Normal

No får han ikkje sykle like mykje som før

Etter at Posten sentraliserte sorteringa må lokale sykkelpostbod køyre meir bil. Rutene er blitt lengre og postmengda får ikkje lenger plass på sykkelen.

Sykkelpostbod på Lærdalsøyri

SYKKELTUR, ALDRI SUR: Fredagar plar det kome mindre reklame i posten. Dermed kan postbod Jan Christian Jerving nytte sykkelen på Lærdalsøyri. Men dette er no blitt eit sjeldnare syn.

Foto: Ingeborg Øren / Privat

Posten Norge har offisielt berre mellom 20 og 30 sykkelbod i Norge. Rundt om i landet nyttar lokale postbod likevel sykkel når postmengda, vær og føreforhold tilseier det.

På nedbørsfattige og flate Lærdalsøyri er lokale postbod ofte å sjå på sykkel. Men etter at postsorteringa vart flytta til Bergen blir uadressert reklame pakka på ein slik måte at det blir vanskeleg å handtere på tohjuling. Difor blir det meir bilkøyring mellom dei tronge trehusgatene. Hanne Nygård Bøe er ein av dei som reagerer.

– Det er veldig overraskande at Posten på Lærdalsøyri brått er byrja å bruke bil. Det blir mykje køyring og rygging i smågåtene. Eg tenkjer at det er utrygt for borna våre som alltid har sykla og leikt i desse gatene, seier Nygård Bøe.

Kjem i buntar

Lise Larsson som er lokal leiar for postomberinga i Lærdal seier postboda berre brukte sykkel i lokalområda på Lærdalsøyri før. Bil var nesten ikkje tema.

– Vi har fått ei sentralisert sortering som gjer at posten er mindre eigna på sykkel. Men vi har framleis syklar, så dei dagane det passar å sykle, så gjer vi det. Vi likar å vere miljøvenlege, seier Larsson.

– Vi syklar mindre no fordi reklamen som kjem ferdig pakka i buntar frå Bergen ikkje passar i ei sykkelveske eller på eit sykkelbrett. Det er så enkelt som det, fortel ho.

Pressesjef Jon Eckhoff i Posten Norge seier ei rute får tilsendt den reklamemengda heile ruta skal ha.

– Og det kan nok vere upraktisk på sykkel, seier Eckhoff.

Maskinell sortering

Sorteringa føregår maskinelt ved terminalen i Bergen og blir sendt til distribusjonseiningane. Det betyr at lokale postbod kan køyre post heile dagen i staden for å sortere lokalt som dei gjorde før.

Distriktssjef for Posten Norge i Sogn og Fjordane, Egil Thane, stadfestar at det blir brukt mindre sykkel på Lærdalsøyri etter at sorteringa vart flytta. Men han forstår ikkje koplinga mot måten reklamen blir pakka på.

– Reklamen er bunta saman med plastikkstrips. Det er ingenting som hindrar oss i å opne desse pakkene som vi vil. Men kvart postbod må dekke ein større del av geografien enn tidlegare som gjer det vanskelegare å få med seg alt på ein sykkel, forklarar Thane.

Elektrisk tralle

Ein motsett konsekvens av at postsorteringa er flytta frå Lærdal til Bergen finn vi i Øvre Årdal. Der har Posten ein deltidstilsett som fysisk går ruta si i sentrumsområdet med ei elektrisk tralle. Før vart dette gjort med bil.

– Så det er ikkje alle stadar at endringa fører til at me køyrer meir bil, seier Thane.

Pressesjef Jon Eckhoff fortel at sorteringa er sentralisert fordi brevmengda har gått kraftig ned.

– Mengda er halvert sidan 1999 og fell mellom seks til åtte prosent årleg, seier Eckhoff.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.