Hopp til innhold

No får du mjølk og ikkje melk

Frå juni kjem all mjølk på Vestlandet med unnatak av heilmjølka i kartongar med nynorsk tekst.

Melk

SLUTT PÅ MELK: Frå juni kjem desse kartongane med nynorsk tekst på Vestlandet.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Tine har gitt etter for kritikken selskapet har fått fordi bønder i nynorskkommunar er blitt presenterte på bokmål på kartongane, skriv framtida.no . Mellom andre har leiaren i Noregs Mållag kalla det ein kjempetabbe at berre ein av dei fire vestlandsbøndene er presenterte med nynorsktekst.

(Artikkelen held fram under biletet).

Atle Kringlen med kyrne sine

SNART PÅ NYNORSK: Atle Kringlen frå Naustdal er mellom mjølkebøndene som har blitt bokmålstalande på mjølkekartongane.

Foto: Katrine Nybø / NRK

Olav Håland er kommunikasjonssjef ved TINE Sør og TINE Vest. Han har fått med seg engasjementet om målforma på mjølkekartongane.

– Vi har forstått at mange, også bønder, har ynskt nynorsk på mjølkekartongane. Så då tenkte vi at når vi no skal ha nye kartongar så ville vi spørje bøndene sjølve.

Bøndene vil ha nynorsk

Mjølkebøndene som er valt ut på Vestlandet, har sjølve valt å ha nynorsk på alle mjølkekartongane, bortsett frå på heilmjølka.

– Det viktigaste for oss har vore å ha god kontakt med bøndene som leverer mjølka vår, seier Håland.