Hopp til innhold

No får dei tilsette 10.000 kroner i aksjegåver

FLORØ (NRK): Fjord1 håpar aksjegåver på 10.000 kroner styrkar engasjement blant sine fast tilsette.

Driftsdirektør Andre Høyset i Fjord1.

GÅVE: Ein slik sjekk får alle dei faste Fjord1-tilsette frå driftsdirektør Andre Høyset. Selskapet har 1.200 fast tilsette, men deltidstilsette har mellom 1.600 og 1.700 personar sin arbeidsplass i Fjord1.

Foto: Truls Kleiven

Med brask og bram vart selskapet med 1.200 fast tilsette børsnotert klokka 09 i dag. Samstundes kom lovnaden om aksjegåva.

Tilsette i Florø får med seg børsnoteringa av Fjord1.

SAMLA: Tilsette ved hovudkontoret i Florø var samla for å følgje børsnoteringa.

Foto: Truls Kleiven

Kvar einaste dag står våre tilsette på for å transportere reisande trygt over fjordane. Med oppstartsaksjar kan dei styrke eit allereie stort engasjement for Fjord1, seier administrerande direktør, Dagfinn Neteland.

– Beskjedne Vestlendingar

Fjord1 er no det andre, men også største, selskapet frå Sogn og Fjordane som blir børsnoterte. Aksjekursen steig noko med det same, frå 34,50 til 34,80, men stabiliserte seg seinare på 34,50.

Børsnotering av Fjord1.

TIL TOPPS: Flagget gjekk til topps og skipsklokka stod klar for å markere at Fjord1 vart notert på Oslo Børs.

Foto: Truls Kleiven

Like over klokka 12 var aksjane omsett for 4,14 millionar kroner. Avkastninga var då på 1,47 prosent.

– Det er ein stor dag. Det er ikkje kvar dag at det kjem fjordingar på børs. Vi er beskjedne Vestlendingar, men dette tykkjer vi er stas, seier Neteland.

– Ei flott oppleving

Klokkene ringde både på selskapet sine over 60 fartøy langs kysten, men også i Florø der Fjord1 har hovudkontor.

Fjord1 notert på Oslo Børs.

STOLT: Økonomi og finansdirektør Anne-Mari Sundal Bøe ringer i bjølla på Oslo Børs for å markere noteringen.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Økonomi- og finansdirektør Anne-Mari Sundal Bøe fekk æra av å ringe i børsklokka.

– Det var ei kjempefin oppleving å vite at samstundes som eg ringde i bjølla, så ringde skipsklokkene på selskapet sine fartøy rundt omkring i fjordar og øyar, seier ho kort tid etter at klokka stilna.

Første ferjeselskap

Selskapet som no nærmar seg 160 år håpar børsnoteringa gir lettare tilgang på kapital og meir blest rundt selskapet. Dei er det første ferjeselskapet på Oslo Børs.

Fjord1 er i ferd med å stable på beina eit sterkt lokalkontor i Bergen og skal bygge 19 nye fartøy.

– Vi er i ein heldig situasjon då vi har svært god finansiell styrke. Moglegheitene til å finansiere dette på eigen kjøl er til stades, men det å komme på Oslo Børs gir selskapet ekstra spelerom til å delta i ytterlegare konkurransar i tida som kjem, seier ho.