NRK Meny
Normal

No får dei som har venta lenge sleppe til over fjellet

Bilar som har stått lenge og venta ved bommen på vestsida av Aurland-Hol får no lov å køyre over fjellet.

Vogntog køyrd seg fast på Hemsedalsfjellet

SÅPEGLATT: Køyreforholda over Hemsedalsfjellet er vanskelege torsdag kveld. Her er eitt av vogntoga som har sett seg fast.

Foto: NRK-tipsar

Det opplyser Statens vegvesen til NRK klokka 21.30 torsdag kveld. Men det gjeld bilane som står på vestsida av bommen på riksveg 50. Vegen har i kveld vore heilt stengd på grunn av bilberging.

Skal du over fjellet med bil torsdag kveld bør du sjekke kva vegar som er opne, stengde eller som har kolonnekøyring.

Det har vore tendensar til kaos på fjellovergangane. I ettermiddag køyrde to vogntog seg fast på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet.

– Det er lettare kaos i kolonnen og svært glatt, fortel Nina Broch Mathisen, som saman med ektemannen var med i kolonnen som køyrde frå Borgund litt før klokka 16.30 i ettermiddag.

Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er normalt sett den raskaste mellom Vestlandet og Austlandet, men reisande må rekne med god tid i kolonnekøyring over fjellet.

Nina Broch Mathisen ventar på kolonne på Borgund

MÅTTE VENTE: Nina Broch Mathisen er ein av dei som har venta på kolonnekøyring i ettermiddag.

– Vi måtte vente om lag ein time før vi fekk køyre. Det blir spennande å sjå korleis forholda er innover fjellet. Det ser ganske rufsete ut, fortel Broch Mathiesen.

Slik er situasjonen på fjellovergangane i Sør-Norge torsdag kveld:

  • Fv 50 mellom Hol og Aurland er no heilt stengd frå begge sider på grunn av bilberging på vestsida - bilar som har stått i mange timar og venta ved bommen på vestsida får sleppe over, melder Statens vegvesen

  • Rv 7 Hardangervidda er stengd for personbilar, medan det er kolonnekøyring for bilar over 7,5 tonn.

  • Rv 13 Vikafjellet er stengd
  • Fv 53 Årdal - Tyin open for fri ferdsel
  • Fv 51 Valdresflye er stengd
  • E134 Haukelifjell kolonnekøyring for alle køyretøy
  • Rv 15 Strynefjellet: Open for fri ferdsel
  • Rv 52 Hemsedalsfjellet: Kolonnekøyring
Kolonnekøyring på Borgund

KOLONNE: På rv. 52 over Hemsedalsfjellet er det kolonnekøyring.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Her får du oppdatert vêrvarsel for fjellovergangane.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.