Hopp til innhold

No får bryggeria informere om produkta sine på heimesidene

Frå 1. november kan norske øl- og vinprodusentar skriva produktinformasjon og legge ut bilde av produkta sine. – På høg tid, seier Espen Lothe.

Espen Lothe, Kinn bryggeri.

NYTT: Til årets juleøl kan Espen Lothe skriva om kva mat ølet er anbefalt til på nettsidene sine – det har dei ikkje hatt lov til under det gamle lovverket.

Foto: Birger Meland / NRK

– Det er på høg tid med ei oppmjuking av denne lova. Med det gamle lovverket har vi knapt fått lov til å nemna at vi lager øl i det heile tatt, seier Lothe som er gründer, dagleg leiar og bryggemeister på Kinn Bryggeri i Florø.

–Men eg er einig i at det framleis skal vera eit reklameforbod på alkoholreklame.

Viktig for satsinga

Dagens lovverk gjort det ulovleg for alle norske produsentar og importørar av alkoholhaldig drikke å informera om sine produkt på heimesidene.

Det vi får lov til no er å dela nøktern informasjon om ting som smak, bryggemetode og kva mat vi anbefaler til ølet. I tillegg kan vi vise bilde, glas, flasker og etikettar, seier Lothe.

Kinn satsar no på eksport, og leverer mellom anna til Sverige, Russland og Spania.

–Vi har ikkje fått lov til å ha produktinformasjon på engelsk på nettsidene før. Den gamle regelen seier at ein må ha ein betydeleg eksportdel før ein kan ha informasjon på engelsk, men det er vanskeleg å få ein betydeleg del eksport utan produktinformasjon å vise til, seier Lothe.

Fryktar gråsone

Medan bransjen jublar, meiner andre at det er ei snikinnføring av alkoholreklame.

–Dette er heilt klart ei liberalisering. Det er ei utholing av dagens reklameforbod og eg trur det vil føra til ein del gråsoner mellom kva som er reklame og kva som er produktinformasjon, seier Arne Johannessen, styreleiar i Actis som arbeidar for å redusera skadar i samband med alkoholbruk.

Johannessen poengterer at nordmenns alkoholforbruk har gått opp dei siste 20 åra og at det fører med seg utfordringar som kostar samfunnet mykje pengar.

Arne Johannessen

KRIMINALITET: – Auka alkoholkonsum er eit problem for samfunnet og mykje kriminalitet og overgrep vert gjort som følge av høgt alkoholinntak, seier Arne Johannessen.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Kan skape arbeidsplassar

Sidan Lothe starta Kinn bryggeri i 2009 har det berre gått oppover med selskapet. I fjor omsette dei for nesten 20 millionar kroner, og i år vil produksjonen for første gong passere ein halv million liter øl. Kinn har totalt 13 tilsette, derav 11 på bryggeriet i Florø.

– Det er klart at om vi skal brygga meir øl, så treng vi fleire tilsette, seier Lothe.

Dei siste åra har interessa for øl i Norge gått i taket, og fleire startar eigne bryggeri. I Brønnøysundsregisteret er det registrert 135 mikrobryggeri. Dei fleste av dei ligg i distrikta. I Sogn og Fjordane er det Kinn og Ægir som størst, i tillegg finn ein blant anna Ciderhuset, Balder og Tya.

– Mikrobryggeria produserer 3 prosent av det ølet nordmenn drikk, men dei står for 20 prosent av arbeidsplassane i næringa, seier direktør for Bryggeri- og drikkevareforeningen, Petter Nome.

Petter Nome
Foto: Petter Nome