Hopp til innhold

No er våren her - del dine vårebilete med oss

Enten du ryddar i hagen, er på topptur eller pussar båt. Ta eit bilete, merk det med #nrksf på Instagram, så hamnar dei på kartet og i galleriet vårt.

Instagram Sogn og Fjordane

NRK Sogn og Fjordane ønskjer oss flotte bilete, både ute og inne. Vi vil veldig gjerne sjå kva du gjer på i dette flotte fylket vårt, så del gjerne med oss. Vis oss kvar du er, kva du held på med, vakker natur, korleis vêret er eller spennande ting du kjem over.

NRK premierer nokre av dei innsende bileta med eit krus i posten.

Nedst i artikkelen finn du alle bileta. Klikkar du på eitt av dei, kan du bla gjennom heile galleriet.

For å få med biletet på kartet til NRK Sogn og Fjordane, må du gi beskjed om kvar i fylket du er. Blir ikkje bileta geotagga, hamnar dei berre i biletstraumen under her og ikkje på sjølve kartet. Her kan du lese korleis du legg bileta på kartet vårt.

Ved å bruke emnemerket #nrksf godkjenner du at NRK kan publisere bildet i ei kvar redaksjonell samanheng på TV og nett. Du må stå inne for at dei som er avbilda har godkjent bruken. Sjå meir informasjon om retningslinjer i faktaboksen til høgre.

Laster innhold, vennligst vent..