NRK Meny
Normal

Her får Odd Jarle sjokkbeskjeden

– Hæ?, ropar sauebonden Odd Jarle Øvreås når gjestande «jordfar» Tor-Erik Ertzaas røper kor mange lam premiesauen 2009 går svanger med.

Odd Jarle Øvreås

ULTRALYD: Odd Jarle Øvreås fekk sjokk då Tor-Erik Ertzaas fortalde han kor mange lam premiesauen ventar. – Det er tal lam vi lev av som sauebønder. Så det er om å gjere å ha mange lam, så du får mykje slakt til hausten, seier Øvreås.

Foto: Steinar Lote / NRK

Mange er spente før sin første ultralydkontroll. Så var også tilfellet med Odd Jarle Øvreås på i Rivedal i Askvoll. Sjølv om det var dei 100 bebuarane i sauefjøset som skulle til pers.

Størst var forventinga til sauen som mjølkar mest og gir størst lam – premiesauen 2009.

Tor-Erik Ertzaas

GOD VÅR: Tor-Erik Ertzaas konkluderer med at sauebonden går ein god vår i møte. – Her var det mykje lam. Dei fleste var drektige, så han får nok ein god sesong, seier han.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Eg trur tre lam. I fjor hadde den fire, men det var for mykje, smiler Øvreås.

Tilpassar fôringa

Vi ventar litt med å avsløre resultatet, og heller avslører at ultralyd er ein ny metode bøndene har teke i bruk for å finne ut kor mange lam dei faktisk kan vente seg til våren.

Ein som gjer det er Tor-Erik Ertzaas. I løpet av 20 minuttar fann den omreisande «jordfaren» ut at Øvreås kan bu seg på opp mot 200 lam sprettande i fjøset til våren.

Mange er spente før sin første ultralydkontroll. I fjøsen til Odd Jarle Øvreås i Rivedal i Askvoll vart 100 potensielle mødre sjekka i dag.

SJÅ TV-SAK: Sauene til Odd Jarle Øvreås var til ultralydkontroll i dag. Her kan du sjå kor mange lam premiesauen 2009 ventar. (FOTO/REDIGERING: STEINAR LOTE)

– Då kan eg tilpasse fôringa etter kor mange lam den enkelte ventar, slik at den som får flest blir fôra mest. Dei som har få blir fôra svakt, så vi ikkje får problem under lamminga, seier Øvreås.

Køyrer 1.000 mil

Bøndene må stadig vekk ta i bruk ny teknologi for å drive mest mogleg effektivt. Og det er mange som ser nytte i å sende sauene til ultralydkontroll.

Ultralyd på sauer

RASKT: Det tek Ertzaas kring ti sekund å undersøke ein sau med ultralyd.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Eg køyrer litt over 1.000 mil i løpet av sesongen. Då er eg på Vestlandet, i Trøndelag, litt i Nordland, Vestfold og i innlandet, fortel Ertzaas og legg til at sesongen går frå 12. januar til slutten av februar.

– Er fostra for små eller store, så klarer eg ikkje å telje dei, seier han og legg til at ultralyd på sauer er som å ta ultralyd på menneske.

– Hardt arbeid

– Men ein må presse veldig hardt for å få gode bilete. Det krev styrke og trening. Ein må vere presis, for det er viktig for bonden å få det 100 prosent, seier Ertzaas.

Øvreås meiner det er ein vel brukt tusenlapp å få «jordfaren» på besøk.

– Dersom ein trillingsau blir fôra for dårleg slik at sauen misser mjølka etter lamming, så taper eg fort dei pengane, seier han.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå