Hopp til innhold

Frykta lynsjestemning då dei fjerna «Hunden til psykologen»

Tysdag var det endeleg slutt for hunden som i lengre tid har pryda Sogn og Fjordane kunstmuseum sitt nybygg i Førde.

I dag forsvinn Torsheim-hunden som i lang tid har prega Sogn og Fjordane Kunstmuseum sitt nybygg i Førde.

SJÅ VIDEO: Knutehunden til Oddvar Torsheim vart tysdag historie.

– Ja, no er det slutt. Alt har si tid, seier Fridtjof Urdal til nyfikne forbipasserande som vil vite om det verkeleg er sant at «Hunden til psykologen» skal vekk.

Laga og fjerna den

Den gigantiske knutehunden vart sett opp for å promotere jubileumsutstillinga i samband med Oddvar Torsheim sine 75 år i fjor. I mars vart det bestemt at hunden skulle vekk .

Knutehunden til Oddvar Torsheim

FEIL VEG: Stein Sandemose Bårdsen seier kunstverket var ein remiks, med spegelvend og omproporsjonalisert hund med ekstra knute og lengd.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Når vi skriv 14. oktober, vart vedtaket altså effektuert. Mannen bak remiksen, formidlingsleiar Stein Sandemose Bårdsen, var med på å rive den ned.

– Det kjennest litt vemodig, men eg får berre vere glad for at den fekk henge så mykje lenger enn den skulle. Den skulle jo berre henge under Torsheim-utstillinga og litt til. No har den fått henge over vår, sommar og utover hausten, seier han.

– Dette er dumt

Då det vart kjent at hunden skulle vekk, skapte det eit stort engasjement . Sidan det har gått både vår og sommar sidan vedtaket, håpa enkelte at hunden likevel skulle få leve.

– Eg tykte den var flott. Dette er dumt, seier ei.

– Vi var litt redd for lynsjestemning då vi byrja med dette. Det var kanskje i litt overkant press for å halde på hunden. Det tok heilt av, frå Facebook-gruppe til fylkespolitikarar og andre som engasjerte seg, seier Sandemose Bårdsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Knutehunden på Sogn og Fjordane kunstmuseum

HISTORIE: Museumsdirektør Morten Johan Svendsen var tysdag ettermiddag med på å fjerne «Hunden til psykologen» frå museumsbygget.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Ikkje laga for æva

– Men det var ein utstillingsplakat som annan plakat, og det er ikkje laga for æva, legg han til.

Heller ikkje kulturpersonen Fridtjof Urdal hadde store motsetnaden mot å ta ned hunden.

– Det er veldig mange ting som er populære. Det er ein jobb å ta dette ned att, som det er å ta ned ei kvar anna utstilling som ville vore populær, seier han.