Hopp til innhold

No er slapseføret begynt å komme

Over store delar av fylket har snøen lava ned i natt og i morgontimane, men allereie no er regnet i ferd med å gjere snø om til slaps nokre stader.

Eikenes brøyting snø

SNØ OG REGN: Medan snøen lavar ned fleire stader har regnet begynt å kome i ytre strok.

Foto: Arne Indrebø

Det har vore nokre kalde, fine dagar med mykje snø i Sogn og Fjordane, men i morgontimane måndag er regnet begynt å ta over i kyststroka. Utover dagen vil mildvêret nå indre delar av fylket også, og nedbøren skal kome som regn.

Frå snø til slaps

eikenes snø brøyting

TRAVELT: Arne Indrebø er ein av mange brøytebilførarar som jobbar på spreng med å få vekk snøen før regnet gjer den om til slaps.

Foto: Arne Indrebø

Arne Indrebø er ein av dei som er ute på vegane for å brøyte vekk snø og slaps. Han har ansvar for vegen mellom Førde og Askvoll/Dale, og fortel at det no regnar veldig i ytre strok.

– I Holmedal har det kome mellom 25 og 30 centimeter med snø i natt, men no regnar det noko veldig, fortel Indrebø.

Han har vore på vegen sidan rundt klokka tre natt til måndag, og fortel om enorme snømengder som no er i ferd med å bli endra til slaps enkelte stader.

– Det regnar mellom Kvammen og Askvoll. Men samstundes snør det innimellom, så det er eit rart føre, seier han.

Variert vêr

Trass i store snømengder og regn klarar dei å halde unna.

– Tidlegare var det grådig mykje snø. Eg køyrde etter spora til ein bil frå Holmedal til Dale, og han må nok hatt snø på panseret når han brøyta seg fram, fortel Indrebø.

Han oppmodar folk til å ta det med ro då det er sleipt føre på vegane.

– Det er jo underkjøling som er skummelt no, og det kan komme kor som helst. Ein kan få snø medan den som kjem bak får is. Det går så fort at det frys bak ræva på oss.

(Saka held fram under biletet)

Snø Stryn jula 2014

STORE SNØMENGDER: I Stryn har det kome 40 centimeter med snø i natt. Snart kjem mildvêret med regn.

Foto: Silje Guddal / NRK

Snøgrensa stig meir og meir

Meteorolog Kjersti Opstad Strand fortel at snøgrensa er i ferd med å stige.

– Nedbøren kjem no som regn i ytre strok. Det er eigentleg det som er trenden framover. Det er stigande temperaturar, og det kjem innover i fylket. Snø og sludd først, og no etter kvart regn i ytre strok under 400 meter.

Og i dagane framover vil altså snøgrensa halde fram med å stige.

– Første del i morgon er det enkelte byger, men temperaturen stig gradvis i morgon også, og snøgrensa kryp oppover til 600-800 meter, seier Opstad Strand.

Slaps på vegen

SLAPS: Snøen blir til slaps i vegbana.

Foto: Marie Stafnes Osland / NRK