No er skisesongen over i skisentera

I dag stengjer den siste skiheisen i Sogn og Fjordane. Dermed er skisesongen 2018/19 over for skisentera. Det er stor variasjon i talet på driftsdagar hjå dei ulike anlegga.

Sogn skisenter

VÅRLEG: Slik så det ut i bakken ved Sogn skisenter i påska. I dag hadde dei siste opningsdag for sesongen.

Foto: Sogn skisenter

Påske betyr ofte sesongslutt for skisentera. Fleire av skisentera i fylket har gjort det dei kan for å halde ope ut påska, men andre påskedag var det berre Sogn skisenter på Hafslo som kunne halde ope.

– Vi har folk i heisen i dag og, men no er det liksom vår så då er det greitt at det er siste dag, seier Runar Tørvi, som er dagleg leiar ved Sogn skisenter. Han er stort sett fornøgd med sesongen som har vore.

– Sjølv om det har vore lite snø, så har vi kome ifrå det rimeleg bra denne sesongen, seier han.

Det er stor variasjon i talet på driftsdagar hjå dei ulike skisentera i fylket. Sogn skisenter er det senteret som har hatt ope flest dagar, medan Breimsbygda skisenter på Utvikfjellet berre har halde ope 17 dagar.

Ved Harpefossen skisenter har dei hatt ope 95 dagar i vinter.

– Vi er jo for så vidt fornøgd, men vi har hatt altfor mange dagar med dårlege forhold og lite besøk, seier Jarle Tor Åsebø ved Harpefossen skisenter.

Driftsdagar i skisentera i Sogn og Fjordane vinteren 2018/19:

Harpefossen skisenter – 95

Hornindal skisenter – 68

Stryn Vinterski – 58

Sogndal skisenter – 95

Sogn skisenter – 115

Breimsbyga skisenter – 17

Jølster skisenter – 56

Sunnfjord skisenter – ukjent