NRK Meny
Normal

No er råsterke Marit klar for landslaget

Marit Årdalsbakke (23) frå Jølster er teken ut på landslaget i vektløfting, og satsar no alt på å få vere med i EM på heimebane neste år.

Marit Årdalsbakke

LØFTAR TUNGT: Marit Årdalsbakke frå Jølster satsar på å få bli med under EM i Førde i 2016.

Foto: Privat

For få dagar sidan var ho ferdig utdanna fysioterapeut, men både jobb og vidare utdanning legg ho no på vent for å satse på idretten.

– I utgangspunktet skulle eg ha vore ut i turnus til hausten, men den har eg fått utsett eit år. Måtte ha litt dokumentasjon for å få det til, men det blei godkjend, fortel Årdalsbakke til NRK.

For ho betyr det mykje at ho no er inne i varmen i landslagsmiljøet, med heilt andre treningsforhold og fleire viktige samlingar fram mot det store målet.

Marit Årdalsbakke

NYUTDANNA: Marit Årdalsbakke gjorde nyleg ferdig fysioterapiutdanninga.

Foto: Privat

– Hovudmålet er å kome seg til EM i Førde neste år. Eg har ingen store ambisjonar om medalje og slikt, for det er langt opp. Men berre det å delta er stort, synest eg. Eit anna mål er å kome seg til U23-EM no i oktober.

Ho har førebels vald å halde forventingsnivået lågt, men ambisjonane om å få delta i EM på heimebane fordrar uansett eit svært strengt treningsregime framover.

– Folk har jo forventingar til meg, men eg må jo berre leggje lista der eg er. Nivået i Europa er veldig høgt i forhold til i Norge, så eg er nok ingen gullkandidat, meiner den smålåtne jølstringen.

Det blir stadig fleire jenter som satsar på vektløfting, også her i Norge. Men framleis er den tøffe idretten prega av sterke menn.

– Men det går veldig greitt, eg trivst veldig godt i miljøet, sjølv om det er mannsdominert, seier Årdalsbakke.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser