NRK Meny
Normal

Dobbelt opp for Flo - jublar for to meistertitlar

Etter kveldens cupsiger kan Per Egil Flo juble over to gull med Molde denne sesongen. No ventar ein lang ferie for stryningen.

Per Egil Flo

JUBEL: Per Egil Flo er i år både cupmeister og seriemeister som Molde-spelar.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det er utruleg herleg, og ei perfekt avslutning på sesongen, som har vore fantastisk, seier Per Egil Flo etter å ha teke det andre gullet på kort tid.

Stryningen og Molde-spelaren spelte frå start då Molde møtte Odd i cupfinalen. Molde vann 2–0. Dermed er stryningen både cupmeister og seriemeister med dei blå og kvite.

Bra stemning i garderoben

25-åringen seier kampen var bra jamn i førsteomgang. Sidan tok Molde meir og meir over. Når det første målet kjem, meiner han dei hadde full kontroll resten av kampen.

– Stemninga i garderoben no var fantastisk. Det er dette vi har jobba for dei siste vekene. Å få avslutte sesongen på denne måten var heilt topp.

Laget har lada opp i Berlin for å få fokus på det dei skal gjere i cupfinalen.

Flo er godt nøgd med eigen innsats etter cupsigeren.

– Vi vant jo til slutt så, ler han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Cupfinalegull til Molde

GULL: Molde jublar over nok ein siger. Per Egil Flo heilt til venstre.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Skal kvile kroppen

– Det er vanskeleg å skildre korleis det er å vinne både serien og cupen. No skal vi gjere oss ferdig i garderoben og så vert det bankett og møte med dei «betre halvdelane» våre. Så er det tilbake att til Molde i kveld, seier han.

Sidan han kom til Molde i fjor sommar har han teke tre gull saman med laget. Flo seier han stortrivst i Molde og har kontrakt i to år til.

– No skal eg berre kose meg resten av kvelden, og så blir det ein lang ferie for å kvile kroppen. Så blir det å jobbe vidare frå januar av.

– Ein moderne spelar

Tor Ole Skullerud

SOLID: Tor Ole Skullerud, Molde-trenar, meiner Flo spelte ein solid cupkamp.

Foto: Bård Siem / NRK

Molde-trenar Tor Ole Skullerud hadde mange lovord om stryningen etter dagens cupsiger.

– Flo spelte ein veldig solid kamp, spesielt i andre omgang. Han er ein av dei spelarane eg set mest pris på i Molde. Han jobbar hardt og seriøst, og eg håpar han vil vere med oss i Molde i lang tid framover.

Skullerud karakteriserer Flo som ein moderne spelar som har ei god framtid framføre seg, og han trur 25-åringen vil vere eit fast innslag på landslaget framover.

Slik gjekk kampen:

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.